Sonja Dyrkorn kjem attende til UiB etter eit opphald på HiB.

Dyrkorn attende til UiB

Publisert

Sonja Dyrkorn er tilsett som ny HR-direktør ved UiB.

Sonja Dyrkorn vert UiB sin ny HR-direktør. Det opplyste rektor Dag Rune Olsen i styremøtet torsdag. Dyrkorn var tidlegare assisterande fakultetsdirektør ved Det humanistiske fakultetet, og vart deretter tilsett som utdanningsdirektør ved Høgskolen i Bergen. I januar i år vart ho konstituert som høgskuledirektør etter at Christian Fotland etter kort tid i jobben takka ja til jobben som rådmann i Os.

Det var 31 søkjarar til stillinga som HR-direktør. Dyrkorn stod ikkje på søkjarlista, men kan ha vore blant dei tre kvinnelege søkjarane som vart unnteke offentlegheit. Stillinga vart ledig då Janicke Stople valte å gå attende til Tide etter å ha vore HR-direktør ved UiB i ganske nøyaktig eitt år.

Powered by Labrador CMS