Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm og rektor Dag Rune Olsen er på jakt etter ny kommunikasjonsdirektør. Denne gongen søkjer leiinga etter ein person som kan kommunikasjonsfaget. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Vil tilsetja ein som kan kommunikasjons-faget

Publisert

Stillinga som kommunikasjonsdirektør ved UiB er lyst ut på nytt. Stillinga er spissa som ein rein kommunikasjonsjobb.

– Me skil ut digitaliseringsbiten og har spissa stillingsutlysinga som ei rein kommunikasjonsstilling, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Stillinga som kommunikasjonsdirektør ved UiB vart lyst ut tidleg i fjor haust. Det meldte seg 13 søkjarar, men før jul kunne Bernstrøm informera om at UiB hadde valt å ikkje tilby stillinga til nokon av kandidatane. No er stillinga lyst ut på nytt, med søknadsfrist 28. februar.

Ikkje rekrutteringsfirma

Før jul sa Bernstrøm at universitesleiinga ville bruka litt tid før stillinga skulle lysast ut på nytt og gå nøye gjennom utlysingsteskten.

– Har de tenkt dykk nøye om no?

– Det har me. Dersom du ser på utlysingsteksten er den meir spissa mot det kommunikasjonsfaglege. Me håpar det kan føra til at me får fleire søkjarar, seier Bernstrøm.

Før jul sa han at ein skulle vurdera å nytta eit rekrutteringsfirma.

– Det gjorde me i førre runde, me hadde eit firma som scanna marknaden. Men det ga ikkje resultat, så det kjem me ikkje til å gjera denne gongen, seier Bernstrøm.

Ønskjeleg med kjennskap til sektoren

I førre runde var universitetsleiinga på jakt etter ein person som skulle jobba tett med rektoratet, med fokus på plattforma deira og profiltenkinga deira. I tillegg vart det lagt vekt på at ein skulle jobba tett med gruppa som har ansvar for kontakt med styresmaktene.

I utlysingsteksten no er det sagt at kommunikasjonsdirektøren skal leia kommunikasjonsavldinga, ha ansvar for eksternt og internt kommunikasjonsarbeid og ha redaktøransvar for UiB sine eigne kanalar. Ein skal òg støtta både leiinga og dei ulike avdelingane i strategiske og kommunikasjonsfaglege spørsmål.

– Kven er de på utkikk etter?

– Me ønskjer oss ein kandidat som er eit kommunikasjonsmenneske. Men det er sjølvsagt ønskjeleg med kjennskap til sektoren, seier Bernstrøm.

Powered by Labrador CMS