Gøy på jobben i universitetsstyremøte, ser det ut til, for assisterande universitesdirektør Tore Tungodden, universitetsdirektør Kjell Bernstrøm og rektor Dag Rune Olsen. Spørsmålet er kvifor det ikkje er fleire som søkjer leiarstillingar ved UiB.

Lurer på om UiB vert oppfatta som for kompleks

Publisert

Tre av dei åtte som søkte stillinga som kommunikasjonsdirektør skal møta til intervju. Men kvifor var det ikkje fleire som var interesserte i jobben?

Då UiB lyste ut stillinga som kommunikasjonsdirektør i fjor haust, melde det seg 13 søkjarar. Ingen vart tilsett. I februar vart stillinga lyst ut på nytt. Åtte søkjarar melde seg, og no er tre av dei innkalla til jobbintervju. Det fortel assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden, som leiar tilsetjingskomiteen.

– Det er interessante kandidatar som har meldt seg, og det er kandidatar som ikkje søkte sist, seier Tungodden.

Vanskeleg å rekruttera

Men kvifor er det ikkje fleire som søkjer ei leiarstilling ved UiB?

– Det er eit interessant spørsmål, seier Tungodden.

– Det har vist seg å vera vanskeleg å rekruttera til denne typen stilling i vår sektor.

UiO tilsette heller ingen kommunikasjonsdirektør i fjor. Og då UiB søkte etter fleire direktørar for eit par år sidan, var ikkje søkjarlistene veldig lange.

– Eg trur det kan handla om korleis ein kommuniserer at dette er ein attraktiv stilling med godt handlingsrom. Kanskje ein i sektoren kan verta for introvert når ein skal visa fram kvifor dette er ein spanande jobb, seier Tungodden.

– At det ikkje er fleire søkjarar gir rom for refleksjon, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

– Me har fått interessante kandidatar. Men det er mogleg at UiB vert oppfatta som kompleks, og at det difor avgrensar talet på søkjarar.

Løna som avdelingsdirektør

Universitetsleiinga meiner at stillingsutlysinga er meir spissa denne gongen, med meir vekt på det reint kommunikasjonsfaglege. Men har ein lyst ut breitt nok?

– Har de brukt dei stadane der mediefolk finn jobbar, som til dømes Journalisten og Medier24?

– Me har lyst ut som me plar; i Bergens Tidende og via UiB, jobbnorge og NAV. Eg trur dei som er interesserte i ei slik stilling har fått med seg at ho er ledig, seier Tungodden.

Stillinga er løna som avdelingsdirektør. Det vil seia at ein vil tena frå om lag 900 000 kroner.

– Eg meiner løna skal vera god nok, seier Bernstrøm.

– Men i konkurranse med private aktørar er det ei generell utfordring for vår sektor at me gir lågare løn. Når me har kandidatar til intervju er det ikkje løna dei peikar på når dei skal seia kva som er attraktivt med å jobba ved UiB, seier Tungodden.

Tre til intervju før påske

Det er altså tre kandidatar som skal intervjuast før påske. Deretter kan det vera aktuelt å kalla inn ein eller fleire til andregongsintervju.

– Har de ein plan B dersom de ikkje finn den rette kandidaten denne gongen heller?

– Me har ein utmerka tilsett som fungerer i stillinga som kommunikasjonsdirektør no. Men målet er sjølvsagt å finna nokon me ønskjer å tilsetja fast, seier Tungodden.

Powered by Labrador CMS