Svarte opponenten med Pippi-sitat

Publisert

Else Olsen Storesund gjorde sin eigen disputas om til ein performance. – Eg visste at komiteen kunne velja å underkjenna meg.

Førre veke var ein nesten fullsett Gunnar Sævig-sal vitne til ein noko uvanleg disputas. Else Olsen Storesund skulle avslutta stipendiatprosjektet.

– Du diskuterer ikkje metodane, sa komiteleiar Tanja Orning etter å først ha halde eit innlegg der ho rosa Storesund, med kunstnarnamnet Else Olsen S., sitt prosjekt «Åpen form – en utvidet utøverrolle».

No var tida komen for kritiske spørsmål til, og dialog med, kandidaten.

«Hvorfor gikk du baklengs? Hvorfor kan jeg ikke gå baklengs, sa Pippi. I Egypt går alle baklengs, ingen synes det er rart».

Sa Storesund.

– Var det svaret ditt, spurte ei tydeleg forbausa Orning.

«Nja, sa Pippi. Jeg tror vi skal hente en stige».

Sa Storesund.

Alt er ikkje lov
Storesund har vore stipendiat gjennom ordninga «Program for kunstnerisk utviklingsarbeid». I fjor arrangerte ho ein eigen konsert under Borealis, og ho har òg levert ein skriftleg, kritisk refleksjon. I tillegg har ho laga ei eiga handbok til open form, som har utgangspunktet sitt i den såkalla New York-skulen på 1950- og -60-talet. Verk i open form har ikkje alltid notar, taktar og styrkegrader.

– Det kom nye musikkuttrykk etter 2. Verdskrig, sa Storesund under disputasen.

– Komponistane var ikkje lenger opptekne av tonalitet, form og tematisk utvikling, men meir av prosessen. Omgrepet «open form» viser til at det er ei viss form av noko ope. Men det betyr ikkje at alt er lov.

Storesund skil mellom fire hovudkategoriar: Tekstnotasjon, grafisk notasjon, nummernotasjon og utvida konvensjonell notasjon.

– Ofte vert eit open form-verk sett inn i eit vanleg konsertprogram for å visa «noko anna». Men desse verka krev ein annan kunnskap, røynsle og respekt. Sjølv opplevde eg at det eg hadde lært som klassisk skulert pianist ikkje var nok, så eg reiste til USA.

Dei fleste komponistane bak New York-skulen er døde. Men Pauline Oliveros og Christian Wollf lever framleis, og dei har vore rettleiarar for Storesund.

Lytta, ikkje høyra
Pauline Oliveros har sagt at ein skal lytta til stilla, det ho kallar «deep listening». Det handlar om lydane ein kan finna i det stille: Dei lydane stilla ber fram dersom ein lyttar. Ikkje berre høyrer, men lyttar.

– Nokre verk kan eg…

Sa Storesund. Så vart det stille. Uvisst kor lenge, men ei stund.

–… visa kort her.

Innimellom kom det òg musikk til presentasjonen, frå Stephan Meidell på el-gitar og Eva Pfitzenmaier på klokkespel-mobile, eit klokkespel som heng i taket. Først ein lyd her og der, men på eit tidspunkt overdøva gitaren alt Storesund sa.

– Eg visste kva eg gjorde
Første del, der Storesund mellom anna spelte på det ho kallar preparert piano, er så over. Nokre i salen veit kva som skal skje når komiteleiar får ordet. Komiteleiaren sjølv, og instituttleiar Frode Thorsen frå Griegakademiet, som leia disputasen, visste ingenting.

– Dette er ein viktig dag for norsk musikkliv, dette er den første ph.d-grada om open form. Storesund viser eit imponerande omfang og har gått grundig til verks. Ho har mellom anna spelt 26 konsertar og gitt ut ein CD i løpet av stipendiatperioden. Dette er utøving på høgt nivå, og i tillegg har du levert ein kritisk refleksjon, sa Orning, framleis uvitande om kva svar ho kom til å få.

– Ho var uførebudd, og tydeleg sjokkert over å få tildelt ei rolle. Ho spelte jo eigentleg rolla strålande, seier Storesund til På Høyden eit par dagar etter disputasen.

– Eg trudde ikkje ein kunne sjokkera nokon lenger, men kunsten kan framleis sjokka.

Storesund seier at ho visste kva ho gjorde, men at ho hadde rekna med at komiteen raskt kom til å skjøna at dette var tenkt som ein performance og spela med.

– Samstundes visste eg at eg kunne verta underkjent. Komiteen diskuterte på gangen i tjue minutt før eg fekk vita at eg hadde stått.

Medan Orning stilte dei første spørsmåla, sa Einar Nielsen og Mads Persson ved komitebordet.

– Nielsen sat og smilte, det var litt godt å sjå. Han trekte fram ein sigarett og stilte spørsmål han visste han ikkje ville få svar på. Persson kom med alvorlege klagar på arbeidet mitt – som han visste eg ikkje kunne svara på. Eg ville svært gjerne gjort det, men då hadde eg gått ut av mi rolle, seier Storesund.

– Spørsmåla har eigen verdi
Storesund fortel at sitata frå Pippi Langstrømpe er valt med omhu. Ho gjekk til originalteksten, og brukte mellom anna Pippi sin bursdagstale til seg sjølv. Det finst ikkje i norsk omsetjing for barn. Ho brukte òg tekstutdraget der Pippi, Tommy og Annika diskuterer ordet «spunk».

«Hva betyr det, sa Tommy. Ja, visste jeg bare det, sa Pippi, det eneste jeg vet er at det ikke betyr støvsuger». Så diskuterer dei kven som har funne opp orda: «Sikkert en eller annen gammel professor».

– Det var aldri meininga mi å gjera noko respektlaust. Komiteen har gjort ein så flott jobb, som eg verkeleg respekterer. Å vera respektlaus var heller aldri John Cage sin intensjon, seier Storesund, og viser til då open form-komponisten stilte med førehandsbestemte svar til eit intervju for å visa at eit spørsmål er like mykje verd utan eit svar.

– Kan ikkje skapa presedens
– Eg har ikkje noko imot at det er performative innslag i første del av disputasen, seier instituttleiar Frode Thorsen.

Han leia disputasen, og ønskjer ikkje å seia noko om komiteen si avgjerdsle.

– Men i del to skal kandidaten gjennomføra ein samtale med komiteen. Det som skjedde under samtalen var eit klart unntak, og eg meiner at det ikkje vil kunne skapa presedens. Samstundes hadde Storesund tenkt grundig gjennom kva ho gjorde, og ho kjende til forskrifta, seier Thorsen.

Gjennom stipendiatprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid får kandidatane førsteamanuensiskompetanse. Samstundes er ei kunstnerisk ph.d.-grad noko av det som vert peika på som viktig å få på plass når Griegakademiet og Kunst- og designhøgskolen er i ferd med å slå seg saman.

– Disputasane er allereie tilpassa gjennom at heile komiteen og kandidaten gjennomfører ein samtale både om det kunstneriske prosjektet og om den kritiske refleksjonen kandidatane skal levera. Eg er heilt open for at ein kan eksperimentera med sjølve disputasforma, og det gir forskrifta eit visst rom for. Men det viktige er å få på plass ei ph.d.-grad med fokus på det kunstneriske prosjektet. Korleis ein rundar av, er mindre kontroversielt, meiner Thorsen.

På Høyden har, trass fleire forsøk, ikkje lukkast i å få ein kommentar frå komiteleiar Tanja Orning.  

Program for kunstnerisk utviklingsarbeid

Programmet er delt i prosjektprogrammet og stipendiatprogrammet.
Stipendiatprogrammet skal kvalifisera for kunstnerisk verksemd, undervisnings- og forskingsstillingar innan høgare kunstutdanning.
Stipendiatprogrammet er normert til tre års fulltidsstudier, totalt 180 studiepoeng. 30 av desse studiepoenga er knytt til ein obligatorisk del.
Hovuddelen, sjølve kunstprosjektet, skal vera eit sjølvstendig prosjekt på høgt nivå med nasjonal og internasjonal fagleg relevans.
Stipendiatperioden vert avslutta med disputas, men ein får førebels ingen doktor-tittel.
Griegakademiet har no to aktive stipendiatar i programmet, KHiB har fleire.

Kjelde: artistic-research.no

Powered by Labrador CMS