Disputerer om mygg og kyr

Publisert

Klimaendringar kan ha noko å seia for kor mange menneske som får malaria. Det same kan kyr.

– Den optimale temperaturen for malariamygg er 25 grader, seier Torleif Markussen Lunde.

– Då lever myggen lengst og kan smitta flest.

Måndag disputerer Lunde, som er forskar ved Senter for internasjonal helse ved UiB, med avhandlinga «On the dynamics of two efficient malaria vectors of the Afrotropical region: Anopheles gambiae s.s and Anopheles arabiensis». Her ser han på korleis klimaendringar påverkar spreiinga av malaria.

– Oppvarming eit gode
– Kor lenge ein mygg lever har noko å seia for spreiinga av malaria, seier Lunde.

Ein malariamygg hentar parasitten hos eitt menneske. Deretter tek det fleire dagar før myggen kan overføra parasitten til andre.

Lunde og kollegaene hans har laga dødelegheitskurvar som viser kva som er den optimale temperaturen for malariamygg. Medan ein tidlegare trudde at myggen likte seg best i om lag 30 graders varme, viser det seg at det mest effektive er 25 grader.

– Me ser at dersom temperaturen er om lag 28 grader, kan myggen spreia smitten etter fem dagar. Vert det så kaldt som 16 grader, får han neppe spreidd smitte vidare i det heile, seier Lunde.

Ved 34 grader tek det om lag 21 dagar for myggen å overføra parasitten.

– Betyr dette at den globale oppvarminga kan vera eit gode?

– Ja, den globale oppvarminga kan vera eit gode for nokre afrikanske land. Men truleg har ikkje klimaendringane så mykje å seia, med mindre ein kjem til å bu i jordhytter på landsbygda dei neste hundre åra òg. Det gjer ein neppe.

Hindra spreiing
Kvart år døyr mellom 600 000 og to millionar menneske av malaria. Det finst i dag inga vaksine mot sjukdommen, sjølv om amerikanske forskarar tidlegare i sommar meldte at dei kan nærma seg ei løysing.

– Ser ein femti og hundre år tilbake, hadde ein malariautbrot både i Europa og i USA. I Finland hadde ein til dømes ein epidemi i samband med andre verdskrigen, seier Lunde.

Framleis finst det artar av malariamygg i både Noreg og andre europeiske land, men ein har inga smittespreiing.

Det finst måtar å sikra seg mot malaria på. Ein sprayar husa med det svært giftige stoffet DDT, eller ein søv under myggnett. Å bruka heildekkande klede gjer òg at ein unngår å verta stukken. Det finst òg medisin ein kan ta før ein skal reisa til område som har utbrot av malaria.

– Denne medisinen er svært dyr, og mange afrikanske land har ikkje råd til han, seier Lunde.

Han meiner forskinga som både er gjort og komande prosjekt kan hjelpa til med å hindra spreiing av sjukdommen.

– Tidleg i sommar var eg i Etiopia og såg korleis helsestasjonane der jobbar. Modellane me har utvikla, gjer at det kan vera lettare å på førehand seia når det vil verta utbrot av malaria. På den måten kan helsestasjonane kjøpa inn både nok medisin og nok utstyr til å testa for malaria.

Bruk av myggnett er òg ein enkel, men effektiv, måte å hindra myggen på. Men då Lunde såg på bruken av myggnett som vart delt ut for eit halvt år sidan, var det berre om lag halvparten av dei som hadde fått myggnett som brukte det slik det var tenkt. Nokre sa at nettet hadde vorte øydelagt, mellom anna av rotter, andre brukte det som eit slags fugleskremsel eller oppbevarte gras i det.

Kyr hindrar mygg
Det er fleire faktorar som har noko å seia for spreiing av den farlege sjukdommen. Korleis ein bur er ein av dei. Ein ser færre utbrot i byane enn på landsbygdene, rett og slett fordi ein bur i andre typar hus og fordi det er færre stader der myggen trivst godt.

Ein annan faktor som kan ha noko å seia for malariasmitte, er talet på kyr.

Malariamygg bit både menneske og dyr, medan det finst andre typar mygg som berre bit menneske og andre som ikkje bit menneske.

– I eit område med mange kyr, vil myggen som berre bit menneske få sterk konkurranse frå myggartane som både bit kyr og menneske. Det vil seia at fleire kyr kan gjera at det vert mindre malaria. Kyr overfører nemleg ikkje sjukdommen, seier Lunde.

Han fortel at det har mangla data på kor mange kyr ein har i Afrika i dag, og på korleis utviklinga har vore. Å finna desse tala har difor vore ein del av doktorgradsarbeidet. Det viser seg at talet på kyr om lag har dobla seg dei siste femti åra, men at det har vore ein klar nedgang i område med tørt klima.

Opp til to millionar menneske døyr av malaria kvart år. Myggnett er noko av det som kan hindra ein i å verta stukken av malariamygg. Men då Torleif Markussen Lunde var i Etiopia i juni, såg han mange ulike typar bruk av nettingen. Foto: Privat

 

 

 

Powered by Labrador CMS