Professor Inge Morild fann tennene til Isdalskvinna lagra. Og no er emaljen isotop-analysert. Foto: NRK

Tar isotopen på Isdalskvinna

Publisert

Kvinna har vore daud i 46 år, men denne veka kom tennene hennar til Universitetet i Bergen.

Kvinneliket som blei funnen brent og avkledd i ei steinrøys i Isdalen 29. november 1970 er i sentrum for ein NRK-dokumentar, der norske journalistar nok ein gong freister å løyse gåten: Kven var Isdalskvinna, og korleis hamna ho i Bergen.

Fann DNA

Denne gongen er det moderne analysemetoder som kanskje kan bringe saka framover. Ein nær komplett DNA-profil er allereie funnen i ei vevsprøve innstøypt i ei parafinblokk, men dette har ikkje brakt politietterforskarane nærare svaret.

Då kvinna blei funnen var DNA oppdaga, men det blei først tatt i bruk for identifisering i kriminalsaker på midten av 1980-talet. DNA blei heller ikkje innhenta frå pårørande i sakna-saker på den tida. For å finne identiteten hennar på grunnlag av DNA treng ein difor ein god porsjon flaks.

Isotop-jakt

Men i vinter har Kripos sett i gang med isotop-analyser av tennene til kvinna, som professor Inge Morild fann lagra. Ulike isotopar av grunnstoff som oksygen og strontium varierer i nivå frå stad til stad i verda, og det finst data for desse verdiane. Ved å måle fleire verdiar samtidig kan ein finne ut kor eit menneske har vakse opp ved å analysere tannemaljen, som berre blir danna ein gong i livet. Knoklane viser kor ein har budd dei siste 5-15 åra, og hår og neglar kan vise dei siste månadane.

Tennene til kvinna er allereie analysert for strontium.

– No analyserer vi oksygen-isotopar, fortel seksjonsleiar Nils Jarle Gjøvåg ved kriminalteknisk avdeling i Vest politidistrikt, som leiar etterforskinga.

Bruker australsk ekspert

Det er Kripos som står for jobben med å koordinere dei vitskaplege analysane, og dei har tatt kontakt med ein professor i Australia for å få analysert resultata.

– Vi er veldig nøgde med samarbeidet med UiB. No blir resultata sendt til professoren for vidare analyse, seier Gjøvåg.

Det er første gong norsk politi bruker metoden, og dei gjer difor no eit arbeid med å undersøke korleis metoden òg kan brukast i andre saker i framtida.

Men det er altså framleis uvisst om det går an å finne ut nærare kor Isdalskvinna kom frå.

Beste alternativ

Stian Suppersberger Hamre er ekspert på å analysere gamle skjelett, til dømes frå mellomalderen. Men han trur politiet er på rett spor når dei ser både på strontium- og oksygen-isotopar.

– Strontium går på jordsmonnet, og om du berre analyserer det vil du få store område med det same nivået, seier Hamre.

Og det same gjeld oksygen. Det skal dessutan mykje til for å plassere nokon geografisk berre på grunn av DNA.

– Strontium er i alle fall det beste alternativet eg kan komme på i farten. 

Kvinna blei funnen i eit uframkommeleg område i Isdalen. Foto: Politiet

Isotopar og isotopanalyse

  • Isotopar er variantar av same grunnstoff. Dei skil seg ved å ha ulikt tal nøytronar i kjernen. Isotopar av same grunnstoff har like kjemiske eigenskapar, men ulike fysiske og radioaktive.
  • Av 83 grunnstoff ein finn i naturen har 20 av dei berre éin isotop, mens dei andre har to eller fleire.
  • Kjende isotopar er deuterium, ein isotop av hydrogen som blir brukt i tungtvatn, og den radioaktive karbonisotopen 14C. Sistnemnde brukast ved datering av organisk materiale. Så lenge ein organisme er i live er mengda radioaktiv karbon konstant, på grunn av næringsinntak. Når organismen døyr, startar nedbrytinga av radioaktiviteten. Halveringstida til 14C er 5730 år, og kan brukast for gjenstandar som er opp til om lag 50 000 år gamle.
  • Oksygen har tre stabile isotoper, 16O, 17O og 18O. Meir enn 99 prosent av oksygenet på jorda er 16O. Oksygen finn ein i vatten, og når det fell som nedbør vil blandinga av dei tre isotopane variere etter temperatur, høgde over havet og avstand frå havet. Verdiane rundt på jorda er kjende, og dermed kan forskarar plassere organisk materiale etter kor vatnet kjem frå. Liknande isotopanalyser kan og vise til dømes kva bergartar som finst i eit område, og i USA er isotopanalyse til dømes brukt for å spore opp kor narkotika er produsert. Slik har Stian Suppersberger Hamre brukt isotopar til å finne ut kor folk i Trondheim kom frå i middelalderen

Kjelder: snl.no, Wikipedia, forskning.no

Powered by Labrador CMS