Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Onsdag var blomedufta i Muséhagen ispedd ein lett eim av formalin. Modige publikummarar kunne få sjå ein hai bli konservert på direkten.
– Friluftskonservering skulle vi gjere oftare! seier avdelingsingeniør Gunnar Langhelle.
Han står i ei hjørne av Muséhagen med hanskar på hendene og eit visir framfor andletet. På eit bord ligg ein to og ein halv meter lang, og syttifem kilo tung, kattehai. Haien var med tilbake frå Mar-Eco-toktet i fjor. No skal han fikserast med formalin og gå inn i samlingane.
Langhelle klipper snitt i buken på haien med ei lita saks.
– Den tarmen som ligg her inne, har lett for gjære, og då blir heile greia liggjande og duppe, fortel han.
Difor må tarmen lirkast ut og fyllast med formalin, som blir gjort med digre sprøyter.
– Aldri har eingongssprøyter vore brukt så mange gonger som desse! flirer Langhelle.
Han må ha plastvisir på seg for å unngå å få formalinsprut i andletet.
– Det kjem litt an på kva vev du jobbar med. Av og til kjem heile spruten ut att.
Vanlegvis blir slikt arbeid gjort innandørs. Men denne gongen var ikkje avtrekket godt nok, og difor måtte heile seansen flyttast ut i hagen. Haien er eit gammalt beist, og neppe det vakraste eksemplaret av arten. Men skummel ser han ut, sjølv om han er daud.
– Skal eg berre stifte igjen det holet der, eg då? spør Erlend Langhelle, som er med og assisterer faren ved haikonserveringa.
Han trer ei stor nål med noko som kan minne om tanntråd.
– Det er eit utruleg sympatisk materiale å sy i, seier han ironisk.
– Seigt som juling. Det er no valfaget i tekstil betalar seg!
Gunnar Langhelle er avdelingsingeniør på vertebratavdelinga ved Bergen museum, altså avdelinga for virveldyr.
– Denne haien ligg i grenselandet – det er nesten ikkje beinfisk. Det er mest brusk i han, men han har litt bein i ryggrada og kjevepartiet, fortel han.
Heilt sidan september har Langhelle og kollegaene hans arbeidd med å konservere materialet frå Mar-Eco – om lag 3300 preparat i alt. Haien på bordet er ein av dei siste.