Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Gravide kvinner med epilepsi har dobbelt så høg risiko for å få ein depresjon samanlikna med dei utan epilepsi, viser ein ny studie. — Også menn med epilepsi som har gravide partnarar er sårbare for psykiske lidingar, seier lege Simone Reiter.
Doktorgradsstipendiat Simone Reiter har tatt for seg psykisk helse hjå menn og kvinner med epilepsi under svangerskap i si avhandling som ho skal disputera for denne veka.
Ho er lege og forskar ved Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen, og er også ein del av Bergen Epilepsy Research Group.
I avhandlinga har ho studert over 100 000 gravide kvinne og deira partnarar i Den norske mor og barn-undersøkinga. Av desse hadde 700 kvinner og 550 menn epilepsi.
Les også: Epilepsimedisin øker svangerskapskomplikasjoner
Reiter har kartlagt psykiatriske diagnosar og symptom før, under og etter svangerskapet, og undersøkt sosiale forhold og ulike aspekt av livskvalitet.
Det kan verka som om det framleis er ei utfordring at det er tabu med psykisk sjukdom
Vanleg å underraportera
– Om lag 50 prosent fleire gravide kvinner med epilepsi oppfyller ein depresjonsdiagnose under svangerskapet samanlikna med dei som ikkje har epilepsi, seier Reiter.
– Det ser ut til at depresjon under svangerskapet generelt er underrapportert eller underdiagnostisert, og då oftast blant dei med epilepsi. I denne gruppa er det om lag seks gongar fleire som har symptom på depresjon enn dei som faktisk rapporterer å ha ein depresjonsdiagnose.
Undersøkinga viser at det er ei underrapportering i heile den gravide populasjonen.
– Det kan verka som om det framleis er ei utfordring at det er tabu med psykisk sjukdom. Det er kjempesynd. Ein heldt gjerne tilbake informasjon som går på psykisk helse.
Reiter har i undersøkinga også sett på menn med epilepsi som har gravide partnarar.
Menn med epilepsi som venter barn har ein auka risiko for fleire typar psykiatriske lidingar samanlikna med menn utan epilepsi. Dei har mellom anna fem gongar auka risiko for ADHD og om lag tre gongar auka risiko for bipolar liding, viser studien.
– Det ut til at ADHD under partneren sitt svangerskap generelt er underrapportert eller underdiagnostisert. Hjå menn med epilepsi er det om lag tre gonger fleire som har symptomer på ADHD enn dei som faktisk rapporterer å ha ein ADHD-diagnose, seier doktorgradsstipendiaten.
Også mennene har dobbel så stor risiko for angst eller depresjon under svangerskapet.
Les også: — Det må informerast betre om at cannabis kan utløysa psykose
– Kan verka sosialt hemmande
Kva som gjer at nokon personar med epilepsi er meir sårbare enn personar utan epilepsi?
– Både dei epileptiske anfalla eller biverknader av anti-epileptisk medisin kan ha noko å seia, men mekanismane bak har ein ikkje heilt funne ut av. Det kan også tenkast at det å leva med usikkerheit i forhold til anfalla, med tap av kontroll og risiko for skade spelar inn på psykisk helse. For nokon vil det nok også verka sosialt hemmande. Det er i tidlegare studiar føreslått at måten foreldre behandlar barn med epilepsi på verkar inn på kor trygge og sjølvsikre dei blir under oppvekst og i ungdomsåra, seier Reiter.
I studien fann ein også ut at det var fleire graviditetar som ikkje var planlagde.
– Samanlikna med dei som ikkje har epilepsi er det fleire som har uplanlagde svangerskap. Me tenker at det har ein viss samanheng med sosioøkonomisk bakgrunn. I studien fann me blant anna at det var lågare førekomst av høg utdaning, og fleire med låg inntekt i epilepsigruppa.
Oppfølginga under og etter svangerskapet viser at kvinner med epilepsi kjem dårlegare ut med tanke på sjølvtillit, kor fornøgde dei var med parforholdet og generell tilfredsheit med livet, fortel Reiter.
Oppfølginga både før, under og etter svangerskapet bør vera betre
– Det var fleire kvinner med epilepsi som rapporterte at dei var single under svangerskapet. Me følgde opp deltakarane seks og 18 månader etter at dei hadde født. Då var det fleire som oppgav at dei ikkje levde saman med far til barnet. Eit trygt og stabilt parforhold er generelt viktig for livskvaliteten.
Har vore få studiar
Studiar av liknande størrelsar på denne gruppa er sjeldne, ifølge Reiter.
– Det er gjort nokon studiar på det tidlegare, men hovudsakleg er det mindre pasientgrupper som kjem frå spesialiserte institusjonar, der ein må anta at dei har ein større sjukdomsbyrde enn den generelle gruppa med kvinner med epilepsi.
Ho er overraska over at det ikkje er undersøkt meir tidlegare.
– Kvinner med epilepsi står for opp mot ein prosent av alle fødslar i Noreg. Det er ei generell pasientgruppe på 45 000 i landet. Tilstanden rammar folk som er i fertil alder, og det er eit forsømt område. Oppfølginga både før, under og etter svangerskapet bør vera betre.
Reiter meiner andre utfordringar knytt til epilepsi gjer at mental helse har kome i skuggen.
– Hovudfokuset for gravide kvinner med epilepsi har vore anfallsførebygging, medikamentelle behandling, og kva det kan bety for barnet si utvikling. Oppfølging under svangerskap av kvinner og menn med epilepsi bør også innhalda ei kartlegging av symptom på psykisk sjukdom og sosioøkonimiske forhold.
– Dei fleste lever fint med epilepsi
Reiter seier det er viktig å understreka at dei ikkje ønsker å sjukeleggjera denne pasientgruppa.
– Dei fleste lever heilt fint med epilepsien sin. Men folk er på internett og vil ha mest mogleg informasjon, så det er om å gjera at dei får korrekte tal og at dei veit litt om sin eigen risiko. Me må spreia informasjon om alle auka risikoar. I ein konsultasjon kan legen ta dette opp med pasienten og stilla nokre spørsmål rundt den psykiske helsa. Me må gje tettare oppfølging, ikkje nødvendigvis meir medisin, men psykoterapi til dømes.
– Dei fleste kvinner har ikkje depresjon under under graviditet. Men det skjer med nokon, og det viktig å få ut at risikoen er større om du har epilepsi, avsluttar Reiter.