Universitetet i Oxford har fått milliardstøtte frå ein nær støttespelar av Donald Trump, men blir no ein professor fattigare.

Forlet Oxford i protest mot Trump

Publisert

Den svenske statsviteren Bo Rothstein forlet eit professorat i Oxford i protest mot at ein av dei største donorane til universitetet er ein nær støttespelar til Trump. 

Mangemilliardæren Leonard Blavatnik er blant dei som bidreg med mest finansiering til Universitet i Oxford, og han ga ein milliard kroner til universitetet i 2010. Den nybygde School of government, samt professoratet til Rothstein, er kalla opp etter Blavatnik. 

– Eg gjekk nøye gjennom det som fanst tilgjengeleg om han før eg aksepterte professoratet, men kunne ikkje finne handfaste bevis for noko uregelmessig, seier Rothstein (biletet) til Gøteborgsposten

Blavatnik er ukrainsk-fødd, men har i dag både britisk og amerikansk statsborgarskap. I Storbritannia er han òg nyleg blitt adla. Blavatnik er skulda for å ha eit nært forhold til Vladimir Putin, samt russiske oligarkar. Han har tidlegare støtta Trump-kritiske republikanerar, men har no byrja å støtte Trump økonomisk. 

Det var nok for Rothstein, som er verdsleiande på korrupsjon og politiske styringssystem, og ein av grunnleggarane av QOF, Quality of Government, ved Gøteborgs universitet. 

– Overfor studentar og kollegaar kan eg umuleg forsvare at eg skal gi legitimitet og truverd til ein person som vel å gje omfattande donasjonar til Donald Trump, seier Rothstein til Gøteborgsposten. 

Han meiner at politikken til Trump slår beina under ideala som ligg til grunn for fungerande offentlege institusjonar, meiner Rothstein. 

Difor seier han frå seg professoratet i Oxford, og vender heim til Gøteborgs universitet, som han har hatt permisjon frå. 

Powered by Labrador CMS