Blottinga skal ha skjedd i andre etasje på Dragefjellet like før klokka 0830 i morges.

Jaktar juss-blottar

Publisert

Ein blottar forsvann frå staden då vektarane kom til Det juridiske fakultetet i morges.

UiB-vektarane fekk melding frå ein student kring klokka 0830 i morges. Dei rykte då ut, samtidig som politiet blei varsla.

Blottinga skal ha skjedd inne i andre etasje. Det er uklart kor mange som har vore utsett for blottaren.

Då vektarane kom til staden var mannen utanfor bygget, men han var tydeleg nervøs, og stakk av garde.

­– Vektaren mista han av syne i Dragefjellsbakken. Politiet er framleis ute og ser etter blottaren i bybiletet, seier operasjonsleiar Terje Magnussen hos politiet til Bergensavisen.

Dei trur det kan vere ein person dei kjenner frå før.

– Det ikkje stadfesta, men vi har ein idé om kven det er, seier Magnussen. 

Mannen er truleg ikkje fanga på film, då universitetet kun har videoovervaking på nokre få, særskilde stader. 

Powered by Labrador CMS