Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Førsteårsstudentane vart utfordra til å laga webseriar. Resultatet vart både film noir, psykologisk grøssar, parodi – og ein litt annleis turistfilm frå Bergen.
– Veldig gøy, men mykje arbeid. Det har gått med 12-14 timar kvar dag denne veka, seier Kristin Øvstetun. Førsteårsstudenten i nye medium er ein av om lag 40 studentar som har brukt vårsemesteret til å laga ein webserie. Saman med førsteårsstudentane frå bachelorprogrammet i film- og TV-produksjon har studentane jobba i grupper og laga kvar sin serie i fire episodar. Kvar episode er på fire-fem minutt. Eit udefinert format – Webseriar er eit spanande konsept. Episodane er korte, maks ti minutt. Sjåarane har ikkje same tolmod når dei sit med skjermen på fanget som dei har når ein ser ein vanleg serie, legg ho til. Lars Nyre er professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap, og har vore ansvarleg for kurset «Nye medium: produksjon og analyse». Torsdag hadde han invitert til filmvising av alle dei sju seriane. – Dette er studentane som etter planen skal flytta inn i den nye medieklynga, seier Nyre. Kurset er obligatorisk, og studentane fekk i oppgåve å laga ein webserie med ei tilhøyrande nettside. – Å bruka eit litt udefinert format som webseriane framleis er, synest eg er okey – men kanskje òg litt rart. Studentane lærer uansett dei ulike verktøya, seier Nyre. – Utfordringa er det dramaturgiske, dei må få episodane til å henga saman. Å definera målgruppa for slike seriar kan òg vera vanskeleg, seier han. Fjellet på 4000 meter – Me har ein episode som er moderne gangster, ein er thriller, ein er action og ein er psykologisk grøssar, seier Eidsheim. Studentane var sjølve både skodespelarar og produsentar, men har hatt tett oppfølging. Ei anna gruppe laga ein film noir, filma i svart-kvitt, og med ei webside som matcha. Detektivhelten er mellom anna filma medan han står røykande utanfor ein gamal telefonkiosk i Sandviken og ventar på at oppdragsgivaren skal ringa. Ei gruppe laga ein parodi på ein realityserie, og ei fjerde valde å laga ein turistfilm i fire episodar. Men innhaldet er kanskje ikkje heilt som i andre filmar turistane får sjå. Til vakre naturbilete vert det påstått at 100 millionar menneske får drikkevatnet sitt frå Lille Lungegården, at Fløyen er Skandinavia sitt høgaste fjell på vel 4000 meter, og at Den blå steinen for 20 000 år sidan braut seg gjennom asfalthavet. – Imponerande engelsk, og fin humre-humor, sa Nyre til studentane under visninga. – Kanskje de burde ta kontakt med Turistinformasjonen i Bergen? Webseriane var eksamensproduksjonen for dette kurset. Kursleiaren var nøgd med alle filmane. – Det er vellaga lyd og ekte lydeffektar, og det er lekre, grundige detaljar. Eit aldeles superbra nivå, sa han. Framsidefoto: skjermdump
– På førehand hadde eg sett lite webseriar. Men det viser seg at dette er noko ein ser mykje av i USA – der er det ei eiga greie, seier Christine Eidsheim, som studerer film- og TV-produksjon.
Eidsheim og Øvstetun si gruppe valte å laga ein serie der dei leika med ulike spenningssjangrar. Tittelen er «Listen».