Droppar dekanus-utlysing

Publisert

Universitetsstyret kjem truleg ikkje til å gjere vedtak om tilsette framfor valte dekanar på sitt møte torsdag. Fleirtalet av fakulteta meiner det trengs meir diskusjon.

Styret ved Universitetet i Bergen (UiB) var på styremøtet i oktober splitta i spørsmålet og valte til slutt å vente med vedtaksframlegget om å lyse ut stillingane som dekanus ved alle fakultet. I staden fekk fakulteta høve til å ta stilling gjennom ein ny høyringsrunde. Der kjem det klart fram at eit klart fleirtal av fakulteta ikkje ønskjer å lyse ut stillingane til dei i dag valte dekanane.

For tidleg

Unntaka er Matematisk-naturvitskapeleg fakultet (Mat.Nat.) og Medisinsk fakultet som ikkje kjem med nokon innvendingar mot ein modell med tilsette dekanar. Ved Mat.Nat. vert det elles lagt vekt på at styringsstrukturen må vere den same ved alle fakulteta.

Historisk-filosofisk fakultet gir klart uttrykk for at den faglege leiinga bør styrkast. Der er heile styringsstrukturen for tida til utgreiing. Og i sitt høyringssvar konkluderer fakultetet med at det er for tidleg å ta stilling til spørsmålet om leiarane av både institutt og fakultet skal tilsetjast.

Framlegget til ny universitets- og høgskulelov som etter planen skal opp i Stortinget i februar 2005 legg opp til omfattande endringar i særleg den øvste styringsstrukturen ved universiteta. Dei eventuelle endringane kan føre til at også fakulteta må omdefinere sine roller. Formelt sett er det, ifølgje Juridisk fakultet sitt høyringssvar likevel ikkje noko krav i lova at universiteta skal gå over får valte til tilsette dekanar.


Krav om valt rektor

Framlegget til ny universitetslov legg opp til at rektor skal gå ut av styret – der ho vil bli erstatta av ein ekstern styreleiar. UiB er imot ei slik løysing, og ønskjer at rektor framleis skal veljast og sitje i styret. Denne haldninga er på ny massivt understreka i høyringssvara som har kome inn til styremøtet torsdag.

Powered by Labrador CMS