Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dersom du har eit godt forslag til kva nye På Høyden bør heita, kan du snart leika med ein ipad mini.
– Eit forslag som er så godt at me bestemmer oss for å byta namn, vert premiert med ein ipad mini, seier På Høyden-redaktør Dag Hellesund. På Høyden skal kanskje byta namn. Styret har vedteke at ein skal ha ein namnekonkurranse. Då På Høyden vart gjort uavhengig og fekk sitt eige styre, ba universitetsstyret om at ein vurderer om namnet på avisa bør endrast. – Inkluderer ikkje alle – Styret har ikkje teke endeleg stilling til om På Høyden skal få nytt namn, men me opnar no for å få inn forslag, seier Kuhnle. Frist 31. januar – Me byter berre namn dersom det kjem inn forslag som er betre enn det me har i dag, seier redaktøren. Dersom du har forslag til kva UiB si nettavis bør heita, kan du senda dette på e-post til nettavisen@uib.no. Frist for å senda inn namneforslag er 31. januar.
Styreleiar Stein Kuhnle har tidlegare sagt at namnet På Høyden er godt, men at det er to problematiske sider ved det: Det fungerer ikkje på engelsk, og det inkluderer ikkje heile UiB.
Hellesund seier at eit nytt namn bør inkludera heile UiB og samstundes vera enkelt å forstå for eksterne.