Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Mange omsyn talar for at tida er inne for å etablere ein ny master i psykologi, seier visedekan Norman Anderssen.
Hausten 2013 kan studentar med bachelorgrad i psykologi ta til på eit heilt nytt studium i psykologi. Rammene for den nye masteren er i stor grad på plass. No jobbar visedekan Norman Anderssen og ei rekkje kollegaer ved Institutt for samfunnspsykologi og andre stader ved fakultetet for fullt med å gjere studieplanen ferdig. Dei har frist på seg til 1. februar. – Saman med profesjonsutdanninga i psykologi vil denne utvida og fullt utbygde masteren samla sett komplettere tilbodet vårt, sier Norman Anderssen. Samla sett går endringa ut på at vi lagar ein mastergrad i psykologi der masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi som vi har i dag, går inn som ei studieretning, medan vi òg etablerer ei ny studieretning i tillegg. Denne har arbeidstittelen psykologivitenskap. Breiare tilbod Å komme inn på profesjonsstudiet i psykologi har som kjent lenge vore vanskeleg. På årsstudiumet er det i alt 500 plassar. Mange studentar har teke eksamen om igjen semester etter semester for å forbetre karakteren slik at dei kan kome gjennom nålauget og sikre seg ein av dei 82 plassane på profesjonsstudiet. Rekruttere nye forskarar – Det er ikkje slik at alle som studerer psykologi ynkjer å bli psykologar. Med denne masteren vil vi også ha eit tilbud på høgare grad til dei som tenker seg i ein annan retning. Det er eit behov i Norge i dag for personar med høgare utdanning i psykologi, utover dei som arbeider med behandling, seier Norman Anderssen. Han meiner psykologutdanningaa har endra seg dei ti siste åra. – Til forskjell frå for ti år sidan er psykologiutdanninga i dag meir helsefagleg innretta. Han håpar også at denne masteren kan bidra til å rekruttere fleire studentar til grunnforskinga i psykologifaget. – Vi har allereie ein god tradisjon med forskingsnær undervisning på alle psykologiprogramma våre, ikkje minst ved profesjonsstudiet i psykologi. I denne nye masteren vil vi søke å strekke oss lengre, og vi vil invitere masterstudentane endå meir inn i dei forskingsaktivitetane som institutta står for. Studentane skal òg kunne søke om utveksling til søsterinstitusjonar i utlandet når masteren skal skrivast. Kan ta samfunnsvitar-jobbar – Med ein master i psykologi vert studentane godt kvalifisert til jobbar innan forvaltning administrasjon i privat og offentleg verksemd. Dei kan og arbeide med granskingar og forsking. Dei vil kunne gå inn i same type stillingar som ei rekke samfunnsvitarar, seier Norman Anderssen. Universiteta i Oslo og Trondheim tilbyr tilsvarande studium i dag. Frå hausten av vil det eksisterande masterprogrammet arbeids- og organisasjonspsykologi ta opp studentar kvart år, i staden for annankvart år. Då vil arbeids- og organisasjonspsykologi inngå som ei studieretning i det nye masterprogrammet. Studentar som helst vil vere i Bergen, slepp då å reise til Oslo eller Trondheim. Treng fullfinansiering – Frå neste år av er fakultetet avhengig av fullfinansiering, seier Norman Anderssen. – Det psykologiske fakultet er eit fleirfagleg fakultet, med eit breidt tilbod i pedagogikk og andre disiplinar. Men no var det naudsynt at vi konsentrerte oss spesielt om psykologiområdet, seier Norman Anderssen.
– Både vi på fakultetet og andre på universitetet har reagert på at talet på studentar på årsstudiet har vore spesielt høgt samanlikna med talet på studentar som får tilbod om å ta ein høgare grad i psykologi.
Fakultetet ynskjer at den nye masteren kan få studentane til å late seg inspirere av at det finst andre vegar å gå.
– Kva andre type jobbar vil dei kunne gjere?
Det første året finansierar fakultetet plassane delvis sjølve, ved å omprioritere studieplassar frå mellom anna årsstudiet i psykologi.