Jørgen Sejersted og Christine Hamm er førsteamanuensar ved UiB og redaktørar for Edda. Tidsskriftet kjem fire gongar i året, og inneheld mellom anna debattstoff. – Litteraturfaget har langsame debattar over år, humrar Sejersted. Foto: Hilde Kristin Strand

Edda i hundre

Publisert

Dei to jubileumsnummera ligg framleis i Christine Hamm si veske – klare til korrekturlesing. Tidsskriftet Edda vart hylla førre helg, og hundreåringen skal markerast resten av året.

For hundre år sidan grunnla Gerhard Gran, professor i nordisk litteraturhistorie ved det dåverande universitetet i Kristiania, tidsskriftet Edda. Gran meinte at det mangla ein kanal for det temmeleg ferske litteraturfaget.

– Gran sa at innhaldet var ein ting. Men det skulle vera eit fint hefte å ha på bordet, humrar Jørgen Sejersted.

Han er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium og er redaktør for Edda saman med Christine Hamm, førsteamanuensis same stad, og Eirik Vassenden, som er professor ved Høgskolen i Bergen.

Lite engelsk
Førre helg vart det eldste, norske litteraturtidsskriftet feira med ein to dagars konferanse. Her vart mellom anna framtida til tidsskrifta, og tidsskrifta si rolle, drøfta.

– Først var dette eit tidsskrift for litteraturforsking i Norden, med vekt på norsk og nordisk litteratur. No er det eit internasjonalt tidsskrift om nordisk litteratur, seier Hamm.

Men sjølv om tidsskriftet har både lesarar og skrivarar utanfor Norden, er regelen klar: Skandinaviske forskarar skal skriva artiklane på eit skandinavisk språk.

– Innan vårt fag er nordisk internasjonale språk. Dei som forskar innan dette feltet, kan lesa nordiske språk uansett. Det er mykje betre å ha gode artiklar på skandinaviske språk enn å ha artiklar på dårleg engelsk. Mange er ikkje så flinke i engelsk som dei sjølve trur, seier Hamm.

Nivå to
Edda er eit nivå to-tidsskrift. Dette gir både utfordringar og fordelar, meiner redaktørane.

– No er tidsskriftet prega av fagterminologi, og vert i hovudsak lese av forskarar, lærarar og andre spesielt interesserte. Med teljekantsystemet vert det lagt meir vekt på det vitskapelege – eller det såkalla vitskapelege, seier Sejersted.

På grunn av fagfellevurderinga er det òg sjeldan at tidsskriftet kjem med eigne temanummer.

– I nivå to-tidsskrift skal refusjonsprosessen vera ganske høg. Det gjer det vanskeleg å bestilla artiklar. Det vert eit visst postkassepreg på Edda – me tek det beste av det som kjem inn. Men det finst fleire andre litteraturtidsskrift som er meir redaksjonelt styrte, så eigentleg er det greitt at Edda er slik, meiner Sejersted.

Edda kjem fire gongar i året. Dei to siste tidsskrifta i år kjem til å ta debatten frå konferansen vidare.

– Førebels er desse utgåvene i veska mi, humrar Hamm.

– I korrekturfasen, legg ho til.

– Og no ser me problemet med å invitera nokon til å skriva. Me har bede fleire av dei som hadde innlegg under konferansen om å skriva ein artikkel om same emnet. Men artiklane skal så lesast av fagfeller – som kanskje refuserer dei, supplerer Sejersted.

– Dette er ikkje ein jobb ein vert populær av.

På papir – og ikkje gratis
Edda finst både på papir og nett. Tidsskriftet er ikkje gratis – i ei tid då det vert stadig meir snakk om såkalla open access – open tilgang.

– Om me skal vera både på papir og nett er ein diskusjon me har kvart år. Men me er glade i papir, og vil nok ikkje gå i bresjen for at Edda berre skal verta digitalt, seier Sejersted.

Redaktørane kjem heller ikkje til å snakka veldig varmt om ei gratisutgåve.

– Me er nok ingen pådrivarar. Det må vera forlagsøkonomi i dette. Dersom me misser støtte frå universitetsforlaget, vil det gå ut over tidsskriftet. Eg meiner òg at det er bra med eit visst kunnskapshierarki – og det kan verta truga med open tilgang, seier Sejersted.

Han seier at dersom ein ser på talet på treff på artiklar på nett, ligg det skyhøgt over talet på dei som betalar for abonnementet.

– Men nett og papir har to ulike funksjonar. Ein går på nett for å leita etter ein spesifikk artikkel. Dersom ein har tidsskriftet på papir ser ein på fleire artiklar – og får kanskje med seg meir enn ein først hadde tenkt, meiner Hamm.

Får ikkje støtte
Edda er eigd av universiteta, og det går på omgang å ha redaktørvervet. Unntaket er Francis Bull, professor i litteraturhistorie, som sat som redaktør i svært mange år.

– Han var nok meir styrande som redaktør enn ein ser i nyare tid, seier Hamm.

Dei to redaktørane fortel at det er dei yngre forskarane, kanskje særleg postdoktorar, som får artiklar på trykk i Edda.

– Og dersom dei eldre forskarane sender inn noko opprettheld det ofte ikkje sjangerkrava, seier Sejersted.

I tillegg til artiklar, inneheld tidsskriftet både debatt og meldingar. Men det siste er ikkje slik det ein gong var.

– Då teljekantordninga kom, fekk ein publikasjonspoeng for å melda andre sitt arbeid. Slik er det ikkje lenger. Me ønskjer oss gode, fagleg funderte meldingar. No må me ofte vera takksame for kortare meldingar nokon vil skriva på fritida. Dette er eit fagleg problem, seier Sejersted.

Redaktørane får heller ingen kompensasjon for det arbeidet dei gjer.

– Når det er slik som no, der ein som forskar skal levera rekneskap over alt ein gjer, er dette arbeid som ikkje gir oss timar. Dette går ut over forskingstida vår, seier Hamm.

Redaktørane har som regel at dei ikkje publiserer eigne artiklar i Edda, men dei skriv gjerne meldingar – delvis fordi det er vanskeleg å få andre til å gjera det.

– Me har heldigvis ein redaksjonssekretær i tjue prosent stilling. Det er heilt naudsynt, seier Sejersted.

– Men det er ille at me ikkje får noko støtte frå instituttet, seier Hamm.

Powered by Labrador CMS