– Eg elskar det ukjende

Mildred Dresselhaus (81) seier ho aldri har sett seg mål for arbeidet sitt. Tysdag tok i mot den prestisjetunge Kavli-prisen i nanovitskap.


– Eg har heile vegen arbeidd med det eg elskar, seier Mildred Dresselhaus, professor emerita ved Massachusetts Institute of Technology til På Høyden.

Frå Brooklyn til Harvard
Då Dresselhaus vart fødd i Brooklyn i 1930 var det lite som tilsa at ho skulle forske på nano-karbon og nanotermoelektriske materialer. Ho var barn av austeuropeiske innvandrarar, og hadde ein skulegang prega av disiplinproblem. Då ho kom inn på Hunter College, var planen å bli lærar. Fysikkundervisninga på Hunter vart leia av Rosalyn Yalow, då ein nyutdanna doktor, seinare nobelprisvinnar i fysikk. Ho såg Dresselhaus sine evner, og oppmoda henne sterkt om å satse på vidare studier i fysikk. Det gjorde ho. Via fleire ivy-league-universitet endte ho med å ta doktorgraden i fysikk ved Universitetet i Chigaco.

– I dag er det heldigvis lettare for alle unge kvinner å få ei akademisk utdanning, seier Mildred Dresselhaus til På Høyden.

Etterspurnad fra militæret
Den sjølvstendige forskarkarriera starta i 1957 ved Lincoln Laboratory ved Massachusetts Institute of Technology (MIT). Dette var like etter at Sputnik var skote opp, USA satsa på romforsking og det var stor etterspurnad etter fysikarar. Forskinga hennar har vorte nytta både av den amerikanske og franske marinen.

Kavli-prisen i nanofysikk får ho for sine banebrytande studier av fononer, elektron-fononinteraksjon og termal transport i nanostrukturar.

– Eg har alltid villa gjere mitt for samfunnet og medvirke til å betre den menneskelege eksistensen. Eg trur dette er eit ynskje eg deler med mange unge i dag, seier Mildred Dresselhaus til På Høyden.

Tysdag tok ho i mot Kavli-prisen på 1 million dollar i Oslo. I dag heldt ho ei forelesning i Egget med tittelen “50 years of nano science”.

– Eg har arbeidd innanfor dette feltet i femti år, men denne påskjøninga kom som ei stor overrasking. Eg føler meg godt førebudd, seier prisvinnaren.

Powered by Labrador CMS