– Eg har ein avslappa attityde

Rektorkandidat Anne Lise Fimreite får mykje gjort. Men alt skjer med ei knusande ro.

– Eg har lært meg å ikkje stresse. Det betyr ikkje at eg ikkje er engasjert, seier Anne Lise Fimreite.

Ho er professor i administrasjon og organisasjonsvitenskap, prodekan for forsking ved SV-fakultetet, medlem av utvalet som analyserer norsk politi, evaluerer NAV-reforma, og leiar for Christiekonferansen sin programkomite. Denne våren er ho også prorektorkandidat for Team Olsen.

Toler større stormar
– Det å verte prorektorkandidat er ikkje noko eg har planlagt i 15 år, for å seie det slik. Eg vart spurt om å stille som rektorkandidat, og tenkte at ja - dette kan eg ha lyst til . Det er jo slik det ofte blir. Då eg starta som student ved UiB, var ikkje planen for hovudfag klar. Og då eg starta på hovudfag, var det ikkje slik at eg hadde superlyst til å ta ph.d.

– Har valkampen vore travel?
– Nei, det røynar ikkje på no. Det svingar, for all del, men dersom ein vil verte rektorkandidatar må ein tole å stå i større stormar enn dette, seier Anne Lise Fimreite.

– Då Hernes var statsråd vart han ein gang spurt om kva betydning Konstitusjonen hadde for han. Han svarte med å seie at den viktigaste konstitusjonen for ein statsråd, er den fysiske. Det er litt slik for akademikarar i valkamp også.

Kjenner UiB godt
Anne Lise Fimrete fortel at ho koplar av med litteratur.
– Eg les mykje. Frå dårleg krim til chic lit og verdslitteratur. Sidan eg er frå Bergen, har eg vener frå barndomen her. Eg har og vener frå studietida, og vener både på innsida og utsida av akademia. Eg likar godt å gå ut og ete i lag med dei. Og eg reiser mykje. Storbyar er mi greie. Og eg skulle gjerne sagt at eg flyg på museum. Men det gjer eg ikkje. Eg shoppar. 

 

Dersom Team Olsen får flest røyster i rektorvalet, vil Anne Lise Fimreite verte prorektor ved UiB. (Foto: Ida Bergstrøm).

– Kva eigenskapar gjer deg eigna til å vere prorektor?
– Eg har stor arbeidskapasitet. Eg har gode analytiske evner. Og sunn fornuft. Dessutan er organisering og organisasjon faget mitt. Dette er noko eg kan, reint teoretisk, seier Anne Lise Fimreite.

Ørjar Øyen, Arnfinn Graue, Ole Didrik Lærum, Jan Fridthjof Bernt, Kirsti Koch Christensen, Sigmund Grønmo. Sidan Anne Lise Fimreite fekk borgarbrevet i 1980 har seks ulike rektorar styrt universitetet frå kontora på Muséplassen.

–Eg kjenner UiB som student, midlertidig tilsett, fast tilsett, og eg har arbeidd i randsona, ved Uni Research. Dette gjer at eg kjenner organisasjonen godt og frå mange vinklar, seier Anne Lise Fimreite.

- Utfordringar
– Kva er den viktigaste erfaringa du har gjort deg frå UiB?

– Dette er ein organisasjon der du kan få mange utfordringar, viss du vil ha dei. Du kan arbeide i komitear, som leiar, undervisar og med utgreiingsarbeid .
– Kva med dei administrativt og teknisk tilsette?
– Vi burde kanskje verte betre på å ta vare på dei talenta ein har blant dei teknisk og administrativt tilsette. I dag er det slik at dersom du vi ha større utfordringar og høgare løn må du klatre. Vi bør kanskje sjå på korleis ein kan gjere karriere på lågare nivå i organsisasjonen. Løysinga på dette har eg ikkje enno.

Dei siste tre åra har Fimreite leia programkomiteen til Christiekonferansen.

– Abeidet med Christiekonferansen har vore ein viktig augeopnar som har vist meg kor mykje bra som finst ved UiB, og kor mykje kunnskap som er her. For Bergen som by er UiB ein tung aktør, og vi treng gode relasjonar  til byen og resten av regionen. Rektoratet Grønmo har gjort ein god jobb med å synleggjere UiB i byen. Vi i teamet vil arbeide vidare med å spele på lag med regionen og nasjonale myndigheiter, seier Anne Lise Fimreite.

Vil sakne studentane
– Kva meiner du om BFS-midlar?
– Eg tenker at eksterne, som Mohn, næringslivet og andre private aktørar gjerne kan bidra  tilf forskinga, men det må vere på premissa til universitetet og forskinga. Dette er nærmast eit politisk standpunkt for meg: Det skal vere på våre premissar, ikkje på premissane til dei som har pengane.

– Vil du sakne di eiga forsking dersom du blir valt?
– Ubetinga ja. Det vil eg. Det er mykje spennande eg vil gå glipp av då. Eg kjem også til å sakne kontakten med studentane ein får som rettleiar. Men dersom eg skal verte prorektor, vil eg konse på å gjere det heilt, og ikkje stykkevis og delt.

 

– Eg har ein avslappa attityde

Noverande bustad: Laksevåg

Alle stader du har budd: Laksevåg, Leikanger, Birmingham og Berlin

Sivilstatus: Dei som trenger å vite, veit

Alder: 52

Dette veit ikkje UiB-tilsette om deg: Eg elskar danske TV-seriar. Matador rager over dem alle, men Borgen er ein god nummer 2.

Powered by Labrador CMS