– Eg vil vere ein som bygger

Viserektorkandidat Anne Christine Johannessen er vandrar og idealist med eit naturlig forhold til døden.

– Vegen inn i akademia var trong. Men eg har opplevd miljøet på Gades institutt som ope og raust, seier Anne Christine Johannessen, viserektorkandidat for internasjonalisering og leiar for Seksjon for patologi ved Det medisinsk-odontologiske fakultet.

Spurte om å få forske
– Eg var først utdanna tannlege, men under studiet syntest eg at det var den biologiske delen som var mest interessant. Og då særleg patologi. Då eg var ferdig utdanna, oppsøkte eg forskingsmiljøet, og spurte om det var nokon plass for meg der. Eg jobba først ulønna for å kvalifisere meg, og etter kvart fekk eg eit forskingsstipend, seier Anne Christine Johannessen

Ho såg at det var lettare å få forskingsstillingar innan medisin. Difor studerte ho medisin, finansiert ved arbeid som tannlege på fritida.

– Eg har alltid vore oppteken av å arbeide tverrfagleg. Odontologi er meir enn berre tenner. Det er ein viktig del av kroppen.

Identifiserer dei døde
Det er kunnskapen om tennene sin plass i kroppen som Anne Christine Johannessen har blitt mest kjend for. Ho er ein del av Kripos si ID-gruppe, og er ansvarleg for rettsodontologi på Vestlandet.

– Hovudoppgåva for ID-gruppa er identifikasjon av døde med ukjent identitet. Det kan vere personar som har lege lenge i vatnet, som har blitt brent, eller som det av andre grunnar er vanskeleg å identifisere, seier Anne Christine Johannessen.

Også ved større ulukker blir ID-gruppa kalla ut. Nyleg var ho i Algerie for å identifisere dei som døydde under åtaket på Statoil sitt gassanlegg ved In Amenas. I 2011 var ho i Oslo for å hjelpe til med å identifisere dei som vart drepne på Utøya.

– På kveldane gjekk eg mykje rundt i området ved Domkyrkja. Når ein går inn i rommet der ein arbeider med identifikasjon av døde, går ein på ein måte inn i ei boble. Men her måtte eg også komme ut av bobla og ta del i den allmenne sorga, seier Anne Christine Johannesen.

Godt å kunne bidra
Smerta og avmakta over hendingane på Utøya verka ikkje berre lammande. Mange kjente på ei trong til å gjere noko, å vere til hjelpe. Både i Bergen og Oslo var det køar av menneske som ville gje blod. Rundt Domkyrkja i Oslo tente folk lys og la ned blomar.

Anne Christine Johannessen var ein av dei som faktisk var i posisjon til å gjere noko. Som rettsodontolog undersøkte ho og tok ho røntgenbilete av tennene til dei døde ungdommane og samanlikna dette med informasjonen frå tannjournalane til dei som var sakna frå Utøya. Med identifikasjon av dei døde kan dei etterlatne få ein slutt på uvissa.

– Motivet mitt for arbeidet er at dei som mistar nokon skal få starta sorgarbeidet, seier Johannessen.

– Det var ei tøff oppleving. I dette arbeidet må ein få eit profesjonelt, men også naturleg forhold til døden.

 

Anne Christine Johansen med kollegaer Tarig Osman og Dipak Sapkota på Gades Institutt.

(Foto: Ida Bergstrøm)

Med Olsen som frontfigur
Anne Christine Johannessen si helg startar gjerne eit stykke ut på laurdagen. Men ho opplever at arbeidet gjev krefter.

– Eg ser at verda rundt meg og familien fungerer sjølv om eg har lange arbeidsdagar. Eg er også avhengig av å gå tur. Ut i naturen må eg, for å springe, sykle, gå og symje. Eg er ein vandrar.

Ho ville ikkje sagt ja til eit rektoratverv for ein kvar pris, seier ho.

– Eg sa ja mellom anna fordi eg trur på Dag Rune Olsen som leiar. Det er viktig at han skal vere ein frontfigur for leiinga. Men rektorvalet har og styrka meg i trua på at vi kan bli eit godt team.

– Interessa mi for internasjonalisering har starta med eit engasjement for den tredje verda. Då eg vart spurt om å vere med i rektorteamet, var eg klar på at det var internasjonalisering eg ville arbeide med.

Anne Christine Johannessen har vore medlem av universitetsstyret, samt prodekan i to periodar.

– Kva eigenskapar bør ein god leiar ha?

– Det er viktig at ein lyttar, og er villig til å korrigere kursen undervegs. Ein må også få folk til å tru på seg sjølv. Det er særleg viktig i eit universitetssystem, som er sterkt hierarkisk. Skal vi verte best i verda må vi også vere rause, opne og nysgjerrige på dei andre sin kompetanse, seier Anne Christine Johannessen.

– Samarbeid skal løne seg
Ho brenn for å skape eit større rom der ein kan arbeide tverrfagleg. Slik modellen for Resultatbasert omfordeling (RBO) fungerer, er den ikkje eit insentiv for tverrfagleg samarbeid, meiner ho.

–Samarbeid på tvers av instituttgrensene løner seg ikkje i dag, dersom ein ser på RBO-midlane. Mange vel å samarbeide likevel, fordi både institutta og forskarane opplever at det er nyttig. Vi må lage påskjøningssystem som stimulerer til samarbeid både innan forsking og undervisning.

Ho meiner òg at det er viktig at alle tilsette føler dei er ein del av ein større heilskap.

– Administrasjonen må også få ta del i fascinasjonen og nysgjerrigheita som driv forskinga. Eg trur at alle yrkesgrupper på universitetet treng å vere ein del av universitetssamfunnet, som jo er internasjonalt. Vi bygger opp kunnskap, og det skal alle få vere ein del av.

Biopsiar i kjøleskapet
Då Anne Christine Johannessen var 28 år, fekk ho den første anledninga til å reise utanlands for å arbeide. Den greip ho, og reiste til Kamerun. Med seg hadde ho eit lite feltlaboratorium, slik at ho kunne ta biopsiar som ho hadde i kjøleskapet. Slik fekk ho også forska litt.

– Eg har alltid hatt eit engasjement for å arbeide på tvers, for å vere ein som byggjer. Visjonen min har vore å kombinere den kliniske kunnskapen og kompetansen med noko som kan bygge opp den tredje verda. Eg har sett at dei store framstega skjer når ulik fagkompetanse møtast. Difor  har eg satsa på forsking på munnholekreft, som er en kreftform som spesielt rammer folk i mellom anna Sudan og India. Eg har hatt nært samarbeid med Senter for Internasjonal helse sidan oppstarten for 20 år sidan. I denne perioden har eg hatt internasjonale ph.d-studentar frå kvoteprogrammet.  

 

– Eg vil vere ein som bygger

Anne Christine Johannesen: 

Noverande bustad: Nattlandsfjellet

Alle stader du har budd: N’gaoundere, Kamerun og Bergen

Sivilstatus: Gift, en datter som nylig er utdannet musikkterapeut ved Grieg-akademiet

Alder: 59 år

Dette veit ikkje UiB-tilsette om Anne Christine Johannesen:
– Eg har tre ismaskiner og synest det er kjekt å eksperimentere med spennande ingrediensar

– Eg har båtførerbevis, men brukar det ei

Powered by Labrador CMS