– Ei historie om svik

Publisert

Rusmisbruk og ei sviktande rusomsorg er eit stadig tilbakevendande tema i valkampen. – Rusomsorga strekk ikkje til før vi torer å sjå og møte det ubehagelege bak misbruket, seier professor Gro Therese Lie.

I 1981 opna Selbukollektivet dørene - eit bu- og arbeidskollektiv for unge rusmisbrukarar. Ei evaluering utført i 1999 viste at tre fjerdedelar av ungdomane som hadde hatt hjelpetilhøyrigheit til kollektivet var rusfrie og levde i ordna forhold fem år etter opphaldet. Likevel måtte kollektivet legge ned i 2000. Rammevilkåra vart for dårlege. Ifølge Gro Therese Lie, professor ved HEMIL-senteret og leiar ved UiB Global, er manglande fagleg og politisk forståing for nødvendigheita av langvarige tiltak ei av rusomsorga sine mest grunnleggande utfordringar.

– Mange av tiltaka i rusomsorgen i dag er organiserte for relasjonsbrot. Fleire rusmiddelavhengige ber på ei skuggelagt historie av svik frå vaksne. Dersom behandlinga ikkje når fram til mennesket bak rusen, så vil problema kome attande. Ei vellukka rusomsorg krev kontinuitet og langvarige relasjonar av truverdige vaksne, seier ho.

– Kompleks problemstilling
God rusomsorg er eit spørsmål og prioritering og kompetanse, men først og fremst om å tore å sjå det som ligg bak misbruket, ifølge Lie. Ho understrekar at rusproblematikk er samansett og at vegen mot å kvitte seg med problema vil sjå ulik ut for kvar enkelt rusmisbrukar.

– For å gje eit enkelt svar på ei kompleks utfordring: Vi skal sjølvsagt ikkje akseptere hærverk og at misbrukarar rusar seg i Nygårdsparken, men det er ikkje tilstrekkeleg å sjå dette som eit rus- og kriminalitetsproblem. Det å kvitte seg med rusen er naudsynt, men ikkje tilstrekkeleg. Dersom vi ikkje grip fatt i dei bakanforliggande årsakene, vil problemet berre kome tilbake. Rusomsorga krever kontinuitet, langvarige tiltak og forpliktingar frå fleire hald, seier ho.

Ho understrekar at debatten om rusmisbruk ikkje kan reduserast til ein debatt om metadon og sprøyterom, og peikar på eit miljø prega av stadig rekruttering av unge og ei aggressiv marknadsføring der ressurssvake menneske frå fattige delar av verda også blir rekrutterte til narkotikasmugling og sal.

– Narkotika er ein av verda største handelsvarer. Vi må spørre oss kven som er dei sårbare i denne kjeden, seier ho.

Ønsker debatt
I samarbeid med Inger Granby, tidlegare leiar av Selbukollektivet, har ho gjeve ut boka ”Mennesket bak rusen – om Selbukollektivets historie, ungdommenes utviklingsprosess og betydningen av anerkjennelse”.

Forfattarane ønsker ein fagleg og fagpolitisk debatt kring rusomsorga og håper at historia om Selbukollektivet og ungdomane der kan bidra. Lie understrekar at den lesten Selbukollektivet og liknande tiltak ikkje er feilfri.

– Men analysen av arbeidet som vart utført ved kollektivet viser kor viktig langvarige og forpliktande relasjonar er i rusomsorga for denne ungdomsgruppa. Dette er ein type tiltak som legg forpliktelsar på dei vaksne, ikkje på ungdomane som har ein vekslande og ambivalent motivasjon, seier Lie.

Mange av ungdomane i Selbukollektivet kom frå bergensområdet. I bagasjen hadde dei sterke, men skjulte historier om å bli svikta av vaksne.

– Historiene deira var ei historie om omsorgssvikt, seksuelt misbruk og fysiske og psykiske overgrep. For dei er det overveldande å gje slepp på rusen. Rusen har fungert som ei sjølvmedisinering, og når rusen forsvinn, dukkar det vonde opp, seier ho.

I går vart boka lansert i Bergen. Då stilte mellom anna SV-politikar Oddny Miljeteig, Arne Klyve, undervisningssjef ved Bergensklinikkene, og Ola Jøsendal, avdelingsdirektør ved Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen, til samtale og diskusjon.

Manglar stabile vaksne
Den samansette bakgrunnen for rusmisbruket forklarer kvifor det er avgjerande at rusomsorga kan tilby langvarige tiltak med relasjonskompetanse.

– Her er det er ikkje snakk om ungdomar som i ein kortare periode av livet gjer opprør og eksperimenterer med rusmiddel. Majoriteten av desse har den ballasten og sosiale støtta som skal til for å klare seg, seier Lie.

Felles for mange av dei som ikkje klarer seg i møtet med rusen er mangel på stabilitet og trygge vaksne. Dette er ungdomar som ikkje har fått dekka sine grunnleggande behov for å bli sett. Først når dei kjem inn i eit tiltak og behandlingsopplegg opplever dei å bli møtt av vaksne som gradvis og med mykje utprøving kan framtre som truverdige.

– Det å bli sett vekkjer både sakn og sorg, angst for at det skal forsvinne og ikkje minst eit umetteleg behov for å bli sett i endå større grad. Det er ein lang prosess å lære desse ungdomane å stole på vaksne og å bygge trygge relasjonar, seier Lie.

 

– Ei historie om svik

Fakta/Selbukollektivet

* Selbukollektivet vart oppretta i 1981. Det var eit bu- og arbeidskollektiv for unge rusmiddelavhengige i aldersgruppa 16-21 år.

* Tilbodet var treårig. Det første året var i kollektivet, det andre var på folkehøgskule eller i eit anna individuelt tilrettelagt opplegg og det tredje året var det lagt opp til sjølvstendig etablering og frigjering frå kollektivet. Seinare vart tidsperspektivet utvida.

* I 2000 vart kollektivet avvikla. Då hadde til saman 27 ungdomar fullført opplegget.

* I 1999 vart det gjeve ut ei ekstern evaluering av arbeidet ved kollektivet. Den viste at Ÿ av ungdomane levde rusfritt og i eit ordna liv fem år etter avslutta tilhøyrigheit til kollektivet. I 1999 levde 4/5 av ungdomane eit rusfritt og ordna liv.

* I boka ”Mennesket bak rusen – Om Selbukollektivets historie, ungdommenes utviklingsprosess og betydningen av anerkjennelse” analyserer og dokumenterer forfattarane Gro Therese Lie og Inger Granby det arbeidet som vart utført ved tiltaket.

Kjelde: ”Mennesket bak rusen”

Powered by Labrador CMS