Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetet i Bergen vil framleis halde porten lukka for nabo som bygde leilegheit i bakgården.
– Vi ankar saka, seier eigedomsdirektør Even Berge ved Universitetet i Bergen (UiB).
Vektergården i Christies gate 13, der mellom anna Det psykologiske fakultet og På Høyden held hus, har felles bakgård med Rosenberggaten 40. I bakgården har naboen bygd ein mindre leilegheit, men som ikkje har utgang gjennom Rosenberggaten.
Bebuarane må gå over UiBs grunn og bruke porten i Vektergården, og dermed òg få adgangskort frå UiB. Utan adgangskort er husværet ubrukeleg.
Nabopress
Saka var oppe i tingretten i vår, og enda med tap for UiB: Bergen tingrett kom til at naboane hadde fått vegrett då Vektergården blei bygd rundt 1980. Ein tidlegare tilsett i Gjensidige, som bygde bygården, var eit sentralt vitne, og forklarte i retten at porten inn til bakgården kom i stand etter press frå naboane. Den tidlegare eigaren av Rosenberggaten 40 har òg forklart at det mellom anna har vore parkert i bakgården.
Retten fann at naboeigedomen har hatt vegrett både etter avtale og hevd, og ga difor bebuarane i leilegheiten rett til å bruke porten.
- Ikkje for naboane
Men advokaten til UiB, Ole Rieck, er ikkje samd i domen.
– Vi meiner at det ut frå byggjesaka ikkje er omsynet til naboane som har gjort at det vart bygd ein port, men tilgang for brannvesenet, seier Rieck til På Høyden.
UiB meiner dessutan at ein av lekdommarane kan ha vore ugild, då han var inne og lagde ein takst for Gjensidige då dei skulle selje bygget til UiB.
Dermed hamner krangelen i lagmannsretten. Det er enno ikkje avgjort når saka kjem opp for retten.