Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
37 UiB-bygg er freda. Det gir 8,5 kilo forvaltningsplan.
Salomon Sørensen har hatt litt av ein jobb. Inne på Sydneshaugen skole finn ein spor etter han både i taket og over dører. Og kanskje var det eigentleg meir dekor her signert han. Det veit ein ikkje.
Men det ein veit er at Sydneshaugen skole er eitt av totalt 37 UiB-bygg som er freda. No har eigedomsavdelinga gitt ut forvaltningsplanar som presenterer alle bygningane. 20 planar har det vorte.
– 8,5 kilo, ler Åse Tveitnes.
Ho er kulturminneansvarleg hos eigedomsavdelinga og ansvarleg for forvaltningsplanane. Seniorkonsulent Eva Røyrane har mellom anna skrive bygningshistoria. Og det var ho som oppdaga dekormalar Salomon Sørensen då ho jakta på historia til dei freda bygga. Han har utført eit oppdrag frå arkitekt Kaspar Hassel, som teikna fleire av dei store skulane i sentrum.
Universitetet i Bergen er byuniversitetet.
– Dette viser byuniversitetet som tok i bruk dei eksisterande bygningane, seier Røyrane.
Ho står utanfor det som berre vert kalla Sydneshaugkvartalet, som er sett saman av Sydnesplassen 12 og 13, Øisteinsgate 1 og 3, Dokkeveien 2B og Sydneshaugen 4,8,10, 12 og 14. Kvart for seg er kanskje ikkje desse bygga verneverdige, men dei er freda fordi dei viser ein viktig del av universitetshistoria. I dag er det i hovudsak Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap som held til her.
Røyrane fortel om dei små trehusa som vart flytta frå Sydneskleiven og opp på haugen. Ledige tomtar ved sidan av skulle brukast til det som skulle verta Bergen sitt svar på Victoria Terrasse. Men før arkitekt Schak Bull var ferdig, kom bustadkrakket i 1899.
– Då bygningane seinare var ferdige viste det seg at fiffen heller ville bu på Kalfaret, seier Røyrane.
Byggmeister Nævdal var byggherre for murhusa i kvartalet, men ikkje før i 1919 var dei siste ferdige. Få år seinare vart Sydnesplassen 13 teke i bruk av Røde Kors.
Eit arbeidsverkty. Det er det forvaltningsplanane er, seier Tveitnes.
I 2014 vart 37 av UiB sine bygg freda av riksantikvaren. Men freda betyr ikkje at dei ikkje kan brukast – eller at dei ikkje kan endrast. Men ein må ha ein plan.
– I desse planane ser me nærare på kva som er freda, og me lagar ei tolking av kva det betyr når me i dag skal bruka bygget. Me ser òg på kva som var intensjonen bak bygget. Når me finn ut korleis bygget opprinneleg var, endrar det måten me møter huset på, seier Tveitnes.
På Høyden har tidlegare skrive om at ein faktisk går inn i Realfagbygget på feil stad.
Hovudinngangen til Sydneshaugen skole er nok heller ikkje så mykje i bruk. Den vender ut mot Ivar Aasens gate. På den andre sida at gata budde Kaspar Hassel sjølv, i eit av murhusa.
Arkitekt Egill Reimers vann konkurransen om å utvikla eit universitetsområde på Fastings Minde. Men allereie før denne konkurransen vart lyst ut, hadde Bergen kommune bestemt at det skulle byggast skule på Sydneshaugen. Kaspar Hassel teikna skulen, og han har òg teikna mellom anna skulane Rothaugen, Møhlenpris og Nygård.
– Hassel var byarkitekt. Bergen brukte mykje pengar på skule, og bygga Hassel teikna var svært moderne. Folk kom frå andre stader i landet for å sjå på dei bergenske, nye skulane, fortel Røyrane.
Men sjølv om hovudinngangen altså går til Ivar Aasens gate, kom nok elevane inn via den store skuleplassen. Den er òg freda, saman med deler av interiøret.
– Sjå på denne trappa, seier Tveitnes, og ser på trappa som svevar oppover Sydneshaugen skole.
Dører og vindauge er til ei viss grad skifta i bygget, men vindauga ut mot Ivar Aasens gate er restaurerte. Kvar etasje har fått sitt eige tema, måla av Sørensen: Sjøen, planteriket og himmelen med både fuglar og stjerner.
Dei lange korridorane har førelesingssalar på den eine sida, og store trapperom bind etasjane saman. I den eine enden kom det inn ein forholdsvis diskret heis på 1990-talet. Men spørsmålet er korleis ein skal bruka fellesareala. I 2013 skisserte arkitekt Todd Saunders korleis trapperom og gangar kunne brukast av dagens studentar, og det er sett inn nokre spesiallaga sitjegrupper.
– Som de høyrer er det mykje lyd i dette rommet, seier Åse Tveitnes.
Trapperommet som har fått heis og nye møblar har ein himling der Salomon Sørensen tydeleg har brukt mange timar på å dekorera. Men dersom ein skal gjera noko med akustikken i eit rom, er det først og fremst himlinga ein kan gjera noko med.
I dette rommet kan ein logisk nok ikkje det. I staden er det mellom anna laga eit kunstverk på den eine veggen som er med på å dempa lyden. Utsmykkinga er gjort av Rachel E. Huglen.
Allereie då skulen vart bygd, låg det i korta at universitetet, som den gong var planlagt, men ikkje oppretta, skulle overta bygget. I 1964 vart skulen bunden saman med HF-bygget, teikna av Peter Helland-Hansen og Sverre Lied.
Sydneshaugkvartalet er berre freda som heilskap, og berre utvendig. Men sjølv om det først var i 2014 at riksantikvaren freda både UiB-bygg og andre bygg i sektoren, er det nokre ved UiB som har tenkt før òg. Sydneshaugkvartalet vart kjøpt med leigetakarar, og avtalen var at dei som budde i husa skulle få bu så lenge dei ville. Den siste leigetakaren flytta ut så seint som i 2010. Inne finn ein gamle trapper, originale fliser på nokre av golva, ein finn glasmåleri og veggdekor. Alt dette har nokon teke vare på – sjølv om ein ikkje må.
På slutten av 1990-talet vart bygningane i kvartalet knytte saman med gangbru og heis slik at alle kan koma seg inn. Inne har det òg vorte gjort mykje med mellom anna ventilasjon.
Tveitnes er oppteken av at UiB sine freda bygg er ein del av sektorhistoria, og viser korleis sektoren bygde. Men samstundes må den same sektoren ha levekår i dei gamle bygga. Dersom ein har gode grunngivingar og eit godt prosjekt, kan ein få bygga om sjølv freda bygg. Det er til dømes universitetsaulaen eit døme på.
– Med dei rette arkitektane kunne til dømes Sydneshaugkvartalet vore eit kjempespanande prosjekt for UiB-utvikling, seier Tveitnes.
Grunnleggjarane av Bergens museum hadde òg ein plan. Dei ville ikkje risikera å ha andre heilt opp til museet, og kjøpte difor Langes gate 1 og 3.
Langes gate 3 er ein trevilla, og UiB sin nest eldste bygning. Berre Fastings Minde er eldre. Dette bygget vart først bygd til militærkaptein J. F Sandborg, men vart seinare kjøpt av C. Sundt, byens rikaste kjøpmann. Sundt hadde villaen i Langes gate som sommarhus frå 1860.
– Og sonen hans, Gerhard, bygde bustad på Muséplass 1, seier Røyrane.
I 1874 vart Langes gate 1 bygd. Her vart det etterkvart kontor for rektor då UiB overtok bygget. På 1990-talet vart glaspyramiden som bind bygga saman bygd. Sidan 1990-talet heldt det som no heiter Studieadministrativ avdeling til her, då måtte alle ferske studentar hit for å semesterregistrera seg. I 2015 vart det bygd møterom inni pyramiden.
På utsida av dei to bygningane i Langes gate finn ein ein gamal hage. Den er ikkje freda.
– Men han er ein av kvalitetane me likevel ønskjer å ta vare på, seier Tveitnes.
Alle forvaltningsplanane er no tilgjengeleg digitalt. Du finn dei her.