Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Åse Tveitnes sin jobb er å ha omsorg for freda bygg og for UiB sine kulturminne. Ofte handlar det om å gjera minst mogleg.
Var det ikkje slik at alle barn måtte flytta dersom faren fekk ny jobb?
Det trudde Åse Tveitnes då ho vaks opp. 49-åringen er frå Ålvik. Der er bygda bygd opp rundt industrien, og huset følgde stillingen.
Det vart teikna ein liten by i Ålvik då Bjølvefossen etablerte seg her. Her var villaer for leiinga, firemannsbustader for arbeidarane, tomannsbustader for dei litt høgare oppe i systemet og først brakker og deretter hybelhus for i hovudsak einslege, mannlege arbeidarar.
Men eit bustadhierarki som i Ålvik finst jo ikkje overalt. Då Tveitnes skulle velja utdanning, vart det sosialantropologi.
– Eg ville forstå kva hus betyr, seier ho.
Hovudfaget skreiv ho om byggeskikk og bruksskikk i Mali, og med i fagkrinsen er òg ingeniørutdanning og avbrotne arkitektstudier frå NTNU.
Frå landbruk til universitet
Tveitnes er med På Høyden til Tingviken, feriestaden for UiB-tilsette på Utne i Hardanger. Sola skin frå blå himmel, og det er berre ferja som går mellom Kvanndal, Utne og Kinsarvik som lagar støy. Tingviken er ein av stadane Tveitnes har ansvar for. Ho er tilsett som serniorarkitekt hos eigedomsavdelinga, men likar best å titulera seg kulturminneansvarleg. Oppgåva hennar er å ha omsorg for UiB sine over 30 freda bygg og for UiB sine kulturminne.
Men tru ikkje at Tveitnes får vera oftare på Tingviken enn andre, i alle fall ikkje for å ha ferie. Ho må fint finna seg i å vera med i trekninga om helger og ferieveker.
– Og eg vinn aldri noko. Ikkje vinn eg i vinlotteri og ikkje vinn eg trekninga om hytter, sukkar ho.
Den nyutdanna sosialantropologen jobba først med landbruk og landbruksbygningar ved kulturlandskapssenteret, som er plassert under fylkeskonservatoren.
– Det mangla ikkje på gode intensjonar, men det var lite pengar. Men på UiB var det pengar, og mogleg å få realisert gode ting, seier Tveitnes.
Oppgraderinga av Sydneskvartalet var det første ho var med på etter at ho vart tilsett i 2004.
Kvalitet, kvalitet og kvalitet
Fram til 1970-talet var planen klar: Dei gamle husa UiB hadde kjøpt på Nygårdshøyden skulle rivast og erstattast med nye universitetsbygg. Men då realfagbygget stod ferdig i 1977, hadde noko skjedd. Ein gjekk over til å ville bruka dei bygga ein hadde, og det vart endeleg bestemt at UiB skulle ligga i sentrum. Fram til då hadde det vore mykje snakk om å flytta heile UiB til Fantoft.
– UiB eig alle dei gamle bygga for å bruka dei til si verksemd. Sjølvsagt er det utfordringar knytt til gamle, freda bygg og ny bruk, men eg opplever at me har gode prosessar når me får høve til å bruka den tida me treng, seier Tveitnes.
Ho peikar på Muséplass 1 som eit døme der ho meiner ein har lukkast.
– Det har vorte eit bygg med moderne kontor og møterom. Det er universelt utforma. Det same er no i ferd med å skje med geofysen, seier Tveitnes.
Ho seier at verdien av å eiga eit freda hus ligg i å vera ein del av ei unik historie, og at atmosfæren i desse freda husa gir arbeidsdagen ein ekstra verdi.
– Det handlar om å ta vare på atmosfæren, samstundes som ein må finna løysingar ein kan leva med. Ein må ta mange fleire omsyn enn berre til funksjonalitet når ein gjer endringar i freda bygg.
– Kva ende byrjar ein i?
– Ein må prøva å setja seg inn i kva intensjonar den første arkitekten hadde. Kva ville han skapa? Så må ein prøva å gjera dette om i forhold til dagens krav og ønskje, seier Tveitnes.
Ofte kan det handla om å gjera så lite som mogleg. Men samstundes må det ein gjer ha god kvalitet.
– Det er ikkje bra nok at det er like bra som før. Når ein jobbar med eit gamalt bygg, må ein tilføra kvalitet. Ein tuklar med noko, og må tilføra noko som er bra, seier Tveitnes, og viser til at ein må visa kvalitet både i materialval, i design og i handverk.
Bur i funkis
Men når ein er omgitt av flotte bygg på jobb, og har arkitektur og design som del av arbeidsdagen, korleis bur ein då privat?
Tveitnes smiler, og fortel at ho gjer så lite som mogleg heime.
– Eg bur i eit hus teikna av Halfdan Grieg på Eidsvågneset, ein trefunkis. Huset fungerer godt som det er, og det har mellom anna ein del fastmonterte benkar, hyller og skap. Eg er metta gjennom jobb, og har ikkje behov for så mykje måling og ommøblering.
Tveitnes deler Grieg-huset med ektemann, to døtre på 12 og 16 og ein hund. Fritida blir brukt til turar med hunden – og så vert det ein del køyring av døtrene til ymse aktivitetar. I tillegg tek ho vidareutdanning i arkitekturvern.
Planla flytting av elefantar
Noko av det første Åse Tveitnes gjorde då ho vart tilsett ved UiB, var å laga ein vindaugerapport for museet. Kva ville det kosta å restaurera bygget? Og ville det vera mogleg? Deretter kom beskjeden om at oppbevaringa av nokre av samlingane ikkje var god nok, og det måtte lagast nye magasin. Då var Tveitnes bygningssjef, og hadde slik ei rolle i arbeidet med å tømma huset. Ho meiner at Muséplass 3 er sjølve hjarta i UiB: Her skulle ein få eit akademisk senter, og resten av universitetet vart til rundt dette bygget.
Framleis er Muséplass 3 ein viktig del av Tveitnes sin arbeidsdag. Ho er ansvarleg for all brukarmedverknad i museumsprosjektet. Det betyr at no når aulaen er i ferd med å verta ferdigstilt, er det mange møte og mange ting å ta stilling til.
– Me skal godkjenna alle løysingar. Når aulaen opnar 2. september er det driftsavdelinga hos oss som tek over ansvaret, seier Tveitnes.
– Korleis vert aulaen?
– Den vert veldig fin. Den vert høgtideleg, og skal brukast til dei mest høgtidelege hendingane ved UiB, som doktorpromosjon, men det skal òg brukast til mykje anna. Det vert eit godt rom å vera i, ein rom ein kan vera heime i. Noko av det eg synest er så fint, er at når ein er i aulaen, så er ein ein del av Bergen. Ein ser både Ulriken og Fløyen.
Når aulaen er ferdig, var planen at ein skulle gå vidare til del to av museusmprosjektet, nemleg nord- og midtfløyen. Slik ser det førebels ikkje ut til å verta, UiB har førebels ikkje fått løyvingar frå staten til dette. Men Tveitnes vert neppe arbeidsledig. I fjor sommar kom meldinga om at over 30 av UiB sine bygg, det vil seia halvparten av bygningsmassen, er freda. Hennar oppgåve er mellom anna å laga ein forvaltningsplan for kvart av dei freda bygga. Den første kjem i oktober.
Går inn feil veg
Eit anna bygg som står Tveitnes sitt hjarta nær, og der det samstundes må gjerast ein heil del, er realfagbygget. Med sine 47 000 kvadratmeter under eitt tak er det eit av Noregs største bygg.
– Det er freda, delvis på grunn av arkitekturen, men òg fordi det er ein viktig del av historia om UiB si verksemd, seier Tveitnes.
Mykje er sagt om bygget, og Tveitnes sjølv seier at ho har syntest at det ikkje har vore eit godt bygg å koma inn i. Plutseleg skjønte ho kvifor – og får samstundes illustrert poenget om å ikkje gjera for mykje.
– Når noko ikkje fungerer, er det ofte tukla med, seier ho.
Det viser seg nemleg at hovudinngangen til bygget ikkje var der han er i dag, men derimot plassert mot fysikkbygget. Her var det ein japansk hage utanfor, og innanfor dei doble dørene kom ein inn i ein hall. Den kunne ein sjå tvers gjennom det vel 150 meter lange bygget, og ein såg lys på den andre sida.
– Det som skjedde, var at IBM skulle ha ei svær datamaskin inn. Då vart det endringar, fortel Tveitnes.
Ho fortel vidare om eit fullstendig fleksibelt hus, som var tenkt for forsking ein ikkje visste noko om då bygget stod ferdig. Det einaste berande er dei store søylene, elles er alt fleksibelt. Men ei elv av raud teglstein går att, og viser straumen av folk i bygget.
– Eg tenkjer at tankane frå realfagbygget er noko med må ta med når me planlegg det nye Entek-bygget. Kor skal møteplassen vera mellom bygga? Ein må ha nokre felles sosiale rom og vrimleareal.
Fest på Lønningen?
På Tingviken skin framleis sola, og det har vorte snakk om bading. Tveitnes har tidlegare bada om vinteren, og prøver å lokka med ein noko feig journalist og ein fotograf som meiner det er best at han vert på land – han skal jo fotografera…
Sidan Tveitnes ikkje har for vane å vinna i lotteri, vert det neppe her på Tingviken ho kan feira 50-årsdagen sin neste sommar. Ho ville gjerne, og fortel om den eine sommaren ho var på Utne og Tingviken saman med storfamilien. Men ho har ein plan B: UiB restaurerer no den gamle lystgarden Lønningen. Kanskje den vert ferdig i tide.