Ivar Hetlevik kostar, og i bakgrunnen spyler Svein Idar Eliassen. Dei unge mennene har sommarjobb hos eigedomsavdelinga og gjer sitt til at Sydneshaugen skole er både rein og pen når studentane kjem att i august. Foto: Hilde Kristin Strand

Dei som held UiB i gang

Publisert

Det finst faktisk nokre som framleis held fortet på UiB – og som skal gjera det i heile sommar.

Det ringjer og ringjer utan at nokon svarar, og eposten har fått fråversassistent. Eit tydeleg teikn på at kalenderen snart viser midt i juli. Onsdag morgon hadde På Høyden sin einaste aktive journalist denne veka ikkje fått ein einaste ny epost i innboksen. Det er definitivt ferietid på Høyden.

Men så er det nokre som er her likevel. Nokre som held hjula i gang, og som faktisk skal vera her heile sommaren.

Snart opptak
– Ferie?

Sigrid Jangaard Strand humrar og byr på kjeks.

I ein kjellar i Christies gate er det stor aktivitet. Framfor kvar sin dataskjerm sit unge menneske djupt konsentrerte. Nokre har sommarjobb, og synest kontorjobben er ein heilt fin måte å bruka feriemånadane på, medan Sigrid Jangaard Strand har eit vikariat som førstekonsulent hos studieadministrativ avdeling. Det varer til september.

Det handlar om opptak. 15. juli må UiB senda dei siste listene til Samordna opptak. 20. juli får søkjarane til høgare utdanning beskjed om dei har fått studieplass der dei aller helst ønskjer, eller om dei må stå på venteliste.

– Eg reknar med at det vert ein heil del kontakt med søkjarar i dagane etter 20. juli. Men så forsvinn dei som har sommarjobb ein etter ein dei næraste vekene, seier Strand.

Kontrollerer vitnemål
Strand går gjennom lister med dei som har søkt om plass på UiB utan å ha formell utdanning frå før. Nokre manglar fag frå vidaregåande, andre har jobba og ikkje teke vidaregåande skule i det heile.

– Kravet er at dei er over 25 år og har minst fem års praksis. Dei får ei individuell vurdering av kvar enkelt studiestad, fortel Strand.

Øyvind Wiik Halvorsen kontrollerer vitnemål. Han har ei liste med namn framfor seg, og kryssar ut etter kvart.

– Dei som var ferdige med vitnemål i vår, har fått vitnemåla sendt inn elektronisk. No må eg sjekka at det er rett vitnemål som er brukt, seier Halvorsen.

Han er fersk lektor, og har sommarjobb.

Plenklipping i 30 grader
Utanfor Sydneshaugen skole står vasspruten rundt Svein Idar Eliassen. Eigedomsavdelinga har mange sommarvikarar som jobbar med ymse vedlikehald. For Eliassen er det andre sommaren her, og i tillegg har han vore laurdagsvikar det siste året.

– Ein ganske grei sommarjobb, synest Eliassen.

Denne dagen er det overskya og rundt 15 grader – heilt greitt jobbever.

– Den dagen det var 30 grader, drog me plenklipparar over heile høyden, smiler Eliassen.

Ivar Hetlevik har òg hatt sommarjobb ved UiB tidlegare. NTNU-studenten skal bruka heile ferien til å jobba. Ein fin måte å tena pengar på, seier han.

– I år har eg berre vore her på Sydneshaugen. Me har jobba litt inne, men mest ute, med å rydda mose, mala og beisa benkar.

Svein Idar Eliassen har både far og onkel som er tilsett hos Eia, og sjølv har han sin andre sommar her. Ein ganske grei sommarjobb, er konklusjonen. Foto: Hilde Kristin Strand
Sigrid Jangaard Strand skal ikkje ha ferie, i alle fall ikkje før i september. Ho er vikar ved studieadministrativ avdeling, som har hendene fulle i samband med samordna opptak om halvanna veke. Foto: Hilde Kristin Strand
Øyvind Wiik Halvorsen kontrollerer vitnemål. Foto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS