Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Trappa inne i Bjørn Christiansens hus er no slik at ein kan ferdast der òg dersom ein har ei synshemming. No skal alle UiB sine bygg kartleggast og på sikt universelt utformast.
– Dette synest eg ser veldig bra ut, seier Kristina Sandnes.
Seniorkonsulenten frå eigedomsavdelinga står inne i Bjørn Christiansens hus og ser på trappa som går opp til dei psykologiske poliklinikkane. Her har det kome på plass lister ytst på trappetrinna og i tillegg markørar både oppe og nede, som kan visa både blinde og andre synshemma at ein nærmar seg ei trapp. Hadde trappegelendera vore litt lenger no, slik at dei som treng å støtta seg kunne heisa seg opp, hadde Sandnes vore heilt nøgd.
Ho er prosjektleiar for kartlegginga av universell utforming ved UiB. Det nasjonale målet er at alle norske bygg skal ha vera tilgjengelege for alle innan 2025.
– «Bygg for alle» er ein database som er eigd av Statsbygg, og som er brukt av fleire statlege organisasjonar, mellom anna Hordaland fylkeskommune. No har me registrert dei fleste av UiB sine der. Tidlegare er ein del bygg tilrettelagt slik at alle kan bruka dei, men kartlegginga har ikkje vore så systematisk som no, seier Sandnes.
Heis er dyrt
Dei første bygga som vart kartlagt, er dei som har studentfunksjonar. I neste omgang kom kontorbygg og bygg med publikumsareal. Reine lab-bygg og tekniske bygg kjem ikkje til å verta kartlagt.
Opplysningane om tilstand gir eit godt utgangspunkt for dei som ønskjer å skaffa seg oversikt med ulik grad av detaljar. Rapportane inneheld ei skildring av bygget, status for universell utforming, avvik og eit kostnadsestimat. Det høyrer òg til ei utførleg liste over kva som bør gjerast med dei einskilde bygga. Reint teknisk er det mogleg å generera rapportar for både kvart bygg og for separate besøksmål.
Det er to ting som går att, og som gjer at millionane går fort: Heis og handikapp-toalett. Eigentleg skal alle heisar vera så store at dei kan romma ei båre, og i nye bygg er det krav om HC-toalett i kvar etasje.
– Men me kan ikkje ha heis i kvart einaste bygg, det vil til dømes koma i konflikt med vernestatusen. Men ingen institutt held til berre i slike gamle bygg, så dersom det vert aktuelt, må ein laga ein arbeidsplass i eit anna miljø. Når det gjeld handikapptoalett, handlar det i nokre bygg om å gjera dei bygga ein har i dag tilgjengelege – ikkje om å laga toalett i kvar etasje, seier seksjonsleiar Ove Botnevik.
Han seier at tilrettelegging for universell utforming skjer på fleire måtar. Ein kan sjå føre seg tematiske satsingar, som å merka alle trappenasar. I tillegg kan ein gjera tiltak når ein har andre prosjekt i same bygg. Det skjer no på Dragefjellet.
– Men det er klart, ein snakkar om ganske mange millionar kroner totalt. Me håpar at noko kan koma direkte frå staten, sidan dette er ei statleg satsing, men me kan ikkje sitja stille i mange år og berre venta på det, seier Botnevik.
Ikkje berre rullestol
– Her har ein tenkt godt, seier Sandnes, og peikar på Langes gate 1-3.
– Her er vegen opp til bygget godt merka og tilgjengeleg, og det er lett å koma seg inn.
Ho viser òg til bibliotek for humaniora som eit bygg som er godt tilrettelagt for alle. Men der, som på dei fleste bibliotek, er problemet at det er vanskeleg å ferdast med rullestol mellom hyllene.
Når ein tenkjer på universell utforming er det lett å berre tenkja på rullestolbrukarar. Men Sandnes er oppteken av at det er mange andre grupper som òg treng ekstra tilrettelegging. Ho nemner synshemma og hørselshemma, og dei som er rørslehemma utan å trenga rullestol.
– For dei er det til dømes viktig å ha gelender heile vegen opp trappa, og at gelenderet stikk litt ut, slik at dei kan ta tak i det og heisa seg opp. For dei med dårleg syn er bruk av kontrastfargar viktig, slik at dei kan sjå kor breitt eller langt eit rom er.
Skilt som er slik plassert at blinde òg kan lesa dei, døropnarar og kortlesarar i passeleg høgde og fjerning av dørstokkar er andre tiltak som gjer at bygga vert meir tilgjengelege.
Inne i Ulrikke Pihls hus er gangen svært blå, og auditoriet i enden av gangen tydeleg markert. På baksida av bygget kjem det no rampe. Men døra er smal, og ein må over ein dørstokk.
Vil merka trappa
HF-bygget har vore pilotbygg for prosjektet. Å få dette bygget universelt utforma, vil ifølgje rapporten kosta over fire millionar kroner. Det skuldast først og fremst at ein treng nye heisar.
Men noko som kostar mindre, er å merka trappa. Det meiner Sandnes bør gjerast.
– Denne trappa er stor, og plassert midt i bygget. Det er ikkje berre synshemma som treng å vita at ein nærmar seg ei trapp, det er fint for slike som meg òg, som er litt distré og gjerne snakkar i telefonen medan eg går, seier ho.
Gangane er breie og har ein annan farge enn trappa. Men nokre stader er det dørstokkar og tunge tredører, andre stader er tersklane vekke og glasdørene står opne.
– Her kjem ein seg ikkje inn med rullestol, seier Sandnes og opnar den smale døra inn til gangen der mellom anna russisk-forskarane sit.
For nokre år sidan fekk UiB nye skilt. Fungerer desse for alle? Nja, meiner Sandnes. Ho peikar på skiltet som heng høgt oppe i andre etasje i HF-bygget. Det har ikkje blindeskrift, og forholdsvis lita skrift dersom ein skal lesa det på avstand. Då synest ho skiltet ved inngangspartiet fungerer betre.
– Her er det tydeleg markert mellom anna kva etasje ein er i, seier ho.
– Kan ein ikkje berre senka ned skilta som heng høgt oppe?
– Ein må hugsa på at òg dei som er to meter høge skal kunne gå under dei, smiler Sandnes.