Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Professor Ola M. Johannessen ved Nansensenteret og Geofysisk institutt, bidreg i ein artikkel i spesialutgåva av Science 12 desember. Der hevder artikkelforfattarane at overgong til ein klimavennleg økonomi ikkje treng å bety ein drastisk nedgong i den økonomisk utviklinga i verda.
Artikkelen viser at å få gjort noko med klimaendringar krev langsiktige forpliktelsar. Den er ein av ni artiklar som kjem i dette spesialnummeret i høve jubileet for publiseringa av Garrett Hardins klassiske essay “The Tragedy of the Commons” (Ålmentas tragedie) frå 1968, heiter det på forskingsmagasinet sine heimesider. I artikkelen heiter det at Kyotoprotokollen og kortsiktige reduksjonsmål for utslepp av drivhusgassar er eit viktig første steg mot å takle klimaendringar. Men, desse treng å gå hand i hand med langsiktige forpliktelsar. Artikkelforfattarane hevder at modellberekningar viser at ein gradvis overgong til ein økonomi som baserer seg på å ikkje sleppe ut CO2 er mogleg til ein akseptabel pris. Langsiktig tenking og politikk er ikkje minst viktig for å påverke økonomiske investeringar i energiteknologi. Store reduksjonar i utslepp vil krevje ny teknologi. Desse vil bli utvikla og kostnadane redusert kun om dei rette og langsiktige politiske valga blir tatt, heiter det i pressemeldinga frå artikkelforfattarane.
Ola M. Johannessen er ein av pådrivarane bak artikkelen som er skriven saman med ni andre forskarar, mellom anna frå Tyskland og Sverige. Desse er alle medlemmer av Europeisk Klima Forum (ECF).
Ni grader varmare
Artikkelforfattarane meiner at utslepp av drivhusgassar må reduserast til ein liten del av det noverande nivået. Om ikkje det skjer, kan vi risikere at havnivået kan stige med åtte meter og den gjennomsnittlege temperaturen auke med ni grader celsius i den siste delen av dette årtusenet.
Ny teknologi trengs
Dei meiner at gjennomføringa av ein effektiv klimapolitikk kun vil forseinke den økonomiske veksten med kanskje eitt år over ein periode på femti år - ein akseptabel pris for å unngå alvorlege klimaendringar. Dermed, konkluderer artikkelen, er eit langsiktig perspektiv like viktig for samfunnet som den kortsiktige Kyoto-avtalen.