Mange studentar fekk strykkarakter i det nye innføringsemnet i psykologi. Mikael Hedne, leiar for fagutvalet for masterstudiet i psykologi, reagerer. – Her må ein sjå kor det har gått galt, seier han.

Ein av tre strauk på innføring i psykologi

Publisert

34 prosent fekk strykkarakter i det nye innføringemnet ved psykologi, PSYK111. – Det er mange år sidan me har hatt ein så høg strykprosent, seier professor og emneansvarleg Svein Larsen.

– Eg synst det er kjempehøgt. Eg skvatt litt når eg såg tala, det trur eg andre også gjorde. Dei rapportene er at eg har fått at studentane er blitt demotiverte av dette, det er tøft å få i fleisen. Det er i utgangspunktet eit studieprogram det ikkje er veldig enkelt å komma inn på. Då er det ekstra tøft å få veta at ein ikkje har gjort det skarpt, seier Mikael Hedne, leiar for fagutvalet for masterstudiet i psykologi. 

Det er i utgangspunktet eit studieprogram det ikkje er veldig enkelt å komma inn på

Samansetninga av årsstudiumet på psykologi har fått ny drakt. Det som tidlegare var PSYK100 og Exfac er slått saman til PSYK111 - Innføring i psykologi og psykologiens historie. Desse emna var tidlegare ein del av opptaksgrunnlaget for profesjonsutdanninga ved psykologi, men det nye emnet er berre for dei som ikkje går profesjonsutdanninga. 

Les også: Slik foregår sensuren på årsstudiet i psykologi

Var godt drilla tidlegare

– Tidlegare, sjølv om emna var litt ulikt samansett enn i dag, var ein del av studentane spesielt godt drilla fordi dei tok eksamen fleire gonger for å få toppkarakter. Så reint gjennomsnittleg sett burde karaktersnittet vore betre då. Om dette har slått inn no tør eg ikkje seia. Men me ønsker ikkje å ha ein strykprosent på 38 prosent på eit emne kor studentane og me har bidrege på normalt gode måtar, seier Norman Anderssen. 

Han er instituttleiar ved Institutt for samfunnspsykologi, og fortel at dei er i ferd med å gå gjennom eksamen.

– Me er i ferd med å gå gjennom eksamen, og sjå kva me har gjort under førebuingane og sjølve sensureringa, for å sikra at me har følgt gode rutinar. På slutten av kvart semester kjem studentane med ei evaluering, så me venter på tilbakemeldingar der. Så langt med har sjekka er det ikkje noko som tyder på at det har skjedd nokon formelle feil

Har eksamenane første året vore vanskelegare fordi ein har hatt studentar som har kjempa om å koma inn på profesjonsstudiet?

– Eg har ikkje nokon grunn til å tru det, seier Anderssen.

Les også: Sensurordninga vert kritisert i psykologifilm

Nye oppgåver

– Det er mange år sidan me har hatt ein så høg strykprosent, men det har skjedd, seier professor og emneansvarleg for PSYK111, Svein Larsen. 

– Faget er heilt nytt, og det er nye og uprøvde oppgåver. Eg trur at det er ein vesentleg årsak til at strykprosenten vart så høg.

– Var oppgåvene for vanskelege?

– Viss veldig få greier å svare på oppgåvene så er lista på en måte per definisjon lagt for høgt, men på ei anna side så var ikkje oppgåvene som blei gjevne spesielt krevjande. Det er eit tviegga sverd. Tidlegare hadde ein studentar som tok faget om att fleire gangar. Det er også nytt at faget ikkje tel som opptak for profesjonsstudiet, og det kan kanskje forklara litt. Men studentane verkar like motiverte og interesserte som tidlegare, seier Larsen (bildet).

Han peikar også på at sensorrettleiinga kan ha hatt negativ påverknad. 

– Me er pålagde å skriva sensorrettleiingar. Dei er spesifikke og angjev tydeleg kva som skal vera med i oppgåvesvaret. På nokre av oppgåvene svarer studentane veldig godt, men dei svarar ikkje akkurat det som det blir spurt etter, og det som er beskrive i sensorrettleiinga. Då kan det henda at den blir til  ulempe for studentane, seier Larsen.

– Må få gode tilbakemeldingar

– Eg håpar at når studentane ber om tilbakemelding, at dei får ei skikkeleg tilbakemelding. Det er ekstra kjpt å stryka på eit innføringsemne. Då er det viktig at dei får ein skikkeleg begrunning. Det må vera noko som forklarar kvifor dei fekk den karakteren, og ikkje ei tilvising til karakterskalaen i  sensorrettleiinga, seier Hedne.

Det er planlagt ny eksamen i faget 27. februar.

– Me håpar mange er motiverte for å ta ny eksamen då. Me planlegg no korleis me kan hjelpa dei aktuelle studentane i førebuingane til ny eksamen, og me legg opp til eit strukturert opplegg som me vil invitera studentane til i januar, seier instituttleiar Anderssen. 

Leiaren for fagutvalet er veldig positivt at ein tilbyr oppfølging til studentane som strauk. 

– Det er utruleg fint at dei no seier dei vil få til eit opplegg. Eg håpar det kan gjennomførast, og at det bidreg til å gje studentane motivasjonen til å arbeida vidare, samt innsikt i kva som kanskje gjekk galt på eksamen, seier Hedne.

– Eit institutt og eit fakultet kan ikkje vera bekjent av ein så høg strykprosent på eit innføringsemne, meiner Mikael R. Hedne, leiar for fagutvalet ved psykologistudiet.
Leiar ved Institutt for samfunnspsykologi Norman Anderssen.
Powered by Labrador CMS