– Ein butikk i ein marknad

Publisert

Kven er det eigentleg som har ansvaret når Sevu går over til å verta Kevu?

– Det er gjennomgåande uklårt korleis forholdet mellom fakultet og institutt skal organiserast, sa Jan Heiret då fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet tilegare denne veka diskuterte saka «Organisering av etter- og vidareutdanningstilbudet ved fakultetet».

I førre møte vedtok universitetsstyret at Senter for etter- og vidareutdanning (Sevu) skal avviklast og erstattast av Kontor for etter- og vidareutdanning.

– Er det institutta som skal driva etter- og vidareutdanning med hjelp frå fakulteta? Og kven er det som skal betala for Kevu, spurde Heiret.

– Uklåre dokument frå leiinga
Verken dekan Gjert Kristoffersen eller fakultetsdirektør Trine Moe kunne svara på det han lurte på.

– Etter- og vidareutdanning er umogleg å driva utan spesialkompetanse. Dette er på mange måtar ein butikk i ein marknad – og det er ikkje noko fakulteta er flinke til. Problemet er at det har kome uklåre dokument frå leiinga, sa Kristoffersen.

Han sa at han er samd i at dei ulike fagmiljøa bør ha det faglege ansvaret for etter- og vidareutdanningstilbodet.

– Det som er lagt fram er ut til å vera ei tilfredsstillande ordning, men me veit ikkje korleis det går.

I saksframstillinga heiter det at den viktigaste endringa er at fakulteta skal ta over ansvar for økonomi- og personalarbeidet.

Ventar på budsjett
Ei av utfordringane er kven som skal betala. I sakspapira heiter det at det sentrale kontoret skal hjelpa fakultetet med å utvikla malar som kan brukast til å arbeida fram budsjett for etter- og vidareutdanningstilbod. Når malane er komne på plass, vil fakultetet arrangera møte med kvart institutt for å gå gjennom eksisterande budsjett, og eventuelt justera budsjetta.

– Det er viktig å få vita kva fag og kurs som har gått med underskot og ikkje. Problemet er at Sevu så langt har hatt alt ansvaret for økonomien, så me veit lite, sa Kristoffersen, og understreka at midlar knytt til etter- og vidareutdanning må verta gjort synleg i både budsjett og rekneskap.

– Ansvarsforholdet må konkretiserast meir, og det må lagast avtalar, sa Moe.

– No ventar me på budsjett frå økonomiavdelinga.

Det vert lagt opp til at institutta, gjennom dialog med dei ulike fagmiljøa, skal gå gjennom porteføljane av etter- og vidareutdanningstilbod for å vurdera om dei eksisterande tilboda skal verta vidareførte eller om ein skal oppretta nye tilbod.

Fakultetsstyret vedtok at dei ønskjer ei ny sak hausten 2013 med oversikt over fakultetet sitt etter- og vidareutdanningstilbod, økonomi og forslag til ansvarsfordeling.

Powered by Labrador CMS