Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
24,4 prosent av dei vitskapleg tilsette ved UiB har ikkje fast jobb. Dette gjer universitetet til nest verst i klassen.
Ifølgje Statistisk sentralbyrå er talet på mellombels tilsette i Noreg generelt mellom åtte og ni prosent. For universitets- og høgskulesektoren er talet 18,9 prosent, og det er aller høgast for universiteta. Dei ferske tala er frå Database for statistikk om høgare utdanning, og viser ein svak nedgang i talet på mellombels vitskapleg tilsette. Men for UiB har talet tvert imot gått opp. Og nedgangen er uansett ikkje stor nok, meiner Bjarne Hodne. Han leiar Forskarforbundet, og seier til Forskerforum at forbundet hadde håpa at ein skulle sjå ein nedgang, og sjå at institusjonane hadde gjort eit godt nok arbeid. Ministeren er på saka Kunnskapsminister Kristin Halvorsen seier til nettstaden at det ein kultur ved norske universitet og høgskular som er vanskeleg å snu. – Me vil følgja opp dette i ein runde med å gå nærare inn på kjenneteikna ved kvar enkelt institusjon, seier Halvorsen. – Me må gå nærare inn på institusjonane og mellom anna sjå på kor lenge dei tilsette i snitt er mellombels tilsett, og om det er ekstern finansiering eller andre ting som forklarar at dei ikkje er komne i mål, seier ministeren. Vil avgrensa UiB har gått opp, frå 23 prosent til 24,4. Berre Universitetet i Tromsø, der over 30 prosent av dei vitskaplege er tilsett i mellombelse stillingar, er over UiB på lista. – Vår linje er å avgrensa talet på mellombels tilsette spesielt i forskarstillingar og universitetslektorstillingar. Dette er noko me følgjer opp i dialog med fakulteta, fordi det er der dei mellombelse tilsetjingane vert gjort. Me seier oss leie for at det likevel har vore ein auke i talet på mellombels tilsette i desse to stillingskategoriane i det siste, seier rektor Sigmund Grønmo til På Høyden. Grønmo seier at auken særleg har vore ved Det humanistiske fakultet og Det medisinsk-odontologiske fakultet. – Me vil no ha møte med desse to fakulteta for å analysera utviklinga og sjå kva ein kan gjera, seier rektor. Det medisinsk-odontologiske og Det humanistiske fakultet er verst i klassen ved UiB. Rektor vil no gå i dialog med fakulteta for å sjå korleis ein kan få ned talet på mellombels tilsette. Arkivfoto: Dag Hellesund Trondheim tek tak Sjølv om NTNU har fått ned talet på mellombels tilsette frå i fjor til i år, synest ikkje rektor det er gjort nok, skriv Universitetsavisa. I går hadde universitetsstyret i Trondheim møte, og blant sakene dei handsama, var ei sak om mellombelse stillingar. I notatet vart det peika på at det framleis er mykje som er ugjort. Styret handsama ei sak med same tema i fjor vår. Universitetsavisa skriv at det i framlegget til vedtak mellom anna heitte at NTNU i større grad skal tilsetja eksternt finansierte forskarar og teknisk/administrativt personale i faste stillingar sjølv om lova opnar for mellombels tilsetjing. I tillegg skal strategiske planar og stillingsplanar brukast til å skapa framsynt planlegging og gjera behovet for mellombelse stillingar mindre. Framsidefoto: Silje Gripsrud
Kunnskapsdepartementet har ifølgje Forskerforum gitt klar beskjed til institusjonane om å redusera delen tilsette med mellombels arbeid.
Nokre universitet har klart å redusera talet på tilsette som ikkje har fast stilling frå i år til i fjor. Best i klassen er Universitet for miljø- og biovitenskap, som no har ein prosentdel på 17,9. I fjor var talet 22,2.
Ved NTNU er heile 77 prosent av forskarane tilsette i mellombelse stillingar. Dette er ikkje godt nok, meiner rektor Torbjørn Digernes.