Ein medisinsk marknadsplass

Publisert

Kva gjer du når du kjenner deg litt tufs? Og kvifor vel du det du gjer? I ei fersk bok ser tre forskarar nærare på det dei kallar den medisinske marknadsplassen.

Professor Tove Ingebjørg Fjell, forskar og professor II Teemu Ryymin og professor emerita Bente Gullveig Alver har jobba med kulturvitskapelege og historiske perspektiv på helsearbeid og helsesystem i sju år. No har det som byrja som ei førelesingsrekke ved Det psykologiske fakultetet vorte bok. Foto: Hilde Kristin Strand

– Eg har tatt solhatt, C-vitaminar, paracet og pressa appelsin, seier Bente Gullveig Alver.

Vårforkjølinga herjar i kroppen. Difor har Alver, som er professor emerita ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), gjort som så mange andre: Valt litt herifrå og litt derifrå – og satsa på at det hjelper.

Saman med Tove Ingebjørg Fjell, som er professor ved AHKR og Teemu Ryymin, som er forskar ved Uni Rokkan og professor II ved AHKR, har Alver nyleg skrive boka «Vitenskap og varme hender. Den medisinske markedsplassen i Norge fra 1800 til i dag».

– Sidan 2007 har me arbeidd saman om eit undervisningsopplegg som er ein del av bachelorprogrammet i folkehelse og helsefremjande arbeid ved Det psykologiske fakultetet.  Me har undervist i forholdet mellom offentleg helsearbeid og folkemedisin, og har mellom anna sett på kvifor menneske vel det dei gjer. Men me fann etter kvart ut at det mangla ei god bok om emnet, seier Ryymin.

Kloke koner
Forskarane nyttar omgrepet «marknadsplass» om helsefeltet. Marknadsplassen kan delast i tre: Den profesjonelle sektoren, som er kjenneteikna av eit autorisert helsepersonell, den folkelege sektoren, som er dei ikkje-autoriserte, folkelege behandlarane, og den tredje sektoren, som er sjølvhjelpssektoren.

– Me tek ikkje stilling til kva som ut frå eit medisinsk synspunkt fungerer eller ikkje, understrekar Ryymin.

– Dei vala folk gjer, må sjåast i ein kulturell og samfunnsmessig samanheng, supplerer Alver.

I 2008 var 85 prosent av alle nordmenn til lege eller spesialist. Mange av desse gjekk i tillegg til ein eller fleire i den folkelege sektoren. Her er spennet stort: Frå naprapatar og akupunktørar til healarar og kloke. Men på 1800-talet var det den profesjonelle sektoren som var den alternative. Det var langt mellom legane, og ein søkte hjelp hos kloke koner i bygda. Desse var òg ofte fødselshjelparar. Men utover på 1800-talet vaks den profesjonelle sektoren både i omfang og tiltru. Dei store medisinske nyvinningane styrka tiltrua til sektoren heilt fram til 1970-talet.

Skremt av thalidomin
1970-talet vart tiåret for motstand og opprør. Det offentlege helsearbeidet vart òg kritisert: Staten var for stor, teknokratisk og udemokratisk. Samstundes vart mange skremde av medisin, ikkje minst av thalidomid-skandalen tiåret før. Thalidomid vart gitt som kvalmedempande middel til gravide. Det viste seg å vera skadeleg for foster, og så mykje som 50 000 barn vart fødde med misdanningar.

– Frå 1980- og -90-talet vart det sett på som individet sitt ansvar å halda seg frisk, seier Ryymin.

– Dette var ein internasjonal trend. Det vart lagt vekt på individet sin rett til sjølv å ta avgjersler om behandling.

Alver, som er dansk, fortel om plakatar som var hengt opp i Danmark på 1980-talet. Der stod det «Brug dit eget hoved før du bruger lægens!»

– Når ein i dag går til legen, kan ein oppleva at han spør om kva ein sjølv trur feilar ein. Det var ikkje vanleg før, seier Fjell.

I dag er det òg opp til den einskilde om ein ønskjer at barnet skal verta vaksinert eller ikkje. Ein har rett på vaksiner – men ein er ikkje pliktig til å ta imot.

Profesjonell og folkeleg fødsel
I 2004 kom Lov om alternativ behandling. Den oppheva kvakksalvarlova frå 1936 som sa at dei som ikkje var autorisert helsepersonell ikkje kunne ta sjuke i kur. Dagens lov gir òg nokre avgrensingar: Visse medisinske inngrep eller behandlingar kan berre verta utført av autorisert helsepersonell. Behandling av alvorlege eller smittsame sjukdommar skal heller ikkje gjerast av andre enn dei som har autorisasjon, men alternative behandlarar kan tilby smertelindring som følgje av desse sjukdommane.

– Det betyr at dei i den folkelege sektoren til dømes ikkje har lov å seia at ein kan kurera kreft, seier Ryymin.

Dei siste åra har ein fått fleire former for alternativ behandling.

– Ein har fått fleire kurs, skular og former. Nokre av dei alternative behandlingsmåtane har på sett og vis teke ei reise frå den alternative sektoren og over i den profesjonelle. Eit døme er kiropraktorane. I dag har dei autorisasjon, seier Fjell.

Ein ser ofte eit samspel mellom den profesjonelle og den folkelege sektoren, og i dag gjerne i aukande grad.  Fjell har tidlegare skrive om korleis til dømes fødselssituasjonen har endra seg.

– Frå 1980-talet kom tanken om at det var kvinna sjølv som skulle bestemma gjennom store delar av fødeprosessen – og det var ho som aktivt skulle føda barnet sitt, ikkje passivt forløysast. Dette vart ikkje sett på som alternativ behandling, men trenden har alternative element i seg. Til dømes kan ein i dag treffa jordmødre som kan tilby akupunktur under fødselen, seier ho.

Giktarmband på postordre
– Det er eit ideal å vera frisk, svarar Alver på spørsmål om kvifor så mange oppsøkjer alternativ behandling.

– Me ser at det er visse grupper av sjuke som søkjer alternativ behandling: særleg dei kronisk sjuke, dei med livstrugande sjukdom og dei med meir diffuse lidingar. Ei ny gruppe av dei som brukar alternativ medisin er friske, men redde for å verta sjuke, seier Alver.

– Hos dei folkelege behandlarane får mange ein diagnose som dei ikkje kan få hos ein lege. Den alternative medisinen kan ikkje visa til vitskap, men ein får ein diagnose ein kan bruka for seg sjølv og i sosiale samanhengar, seier ho vidare.

Alver meiner mange vert redde av informasjon som kjem fram i media.

– Avisene nyttar kunnskap ein har på befolkningsnivå og bryt det ned til individnivå. Det gjer at mange vert redde for å få til dømes hjartesjukdommar, seier Alver.

Forskarane meiner at ein auke i den folkelege sektoren òg heng saman med ein auke både i tilgang og økonomi.

– Det er mange som tek på seg vitskapen sine klede. Den nye lova opnar for kommersielle aktørar. Samstundes har deler av den folkelege sektoren tidlegare òg vore kommersiell, og mellom anna selt produkt via postordre, fortel Ryymin.

Powered by Labrador CMS