Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dersom UiB får roboten dei ønskjer seg, kan ein få kunnskap om mellom anna mineralressursar og sjeldne jordartar.
Noreg har fleire vulkanar enn Island. Skilnaden er berre at dei ligg under vatn. Men dei har likevel utbrot, og det fører til fleire ting. Vulkanane ligg rundt Jan Mayen og Svalbard. – Det vert danna om lag to centimeter ny jordskorpe i året. I tillegg får ein varme kjelder i områda med vulkanutbrot, forklarer Rolf-Birger Pedersen. Han er professor i geologi og leiar Senter for geobiologi. På vegkartet Prosjektet heiter NORMAR – Norwegian Marine Robotics Facility, og er no kome inn på Forskingsrådet sitt vegkart for forskingsutstyr. Vegkartet presenterer større prosjekt rådet meiner Noreg skal investera i den næraste tida. Roboten står òg som nummer to på UiB si liste over prioriterte søknader til den nasjonale satsinga på forskingsinfrastruktur. Forskingsutvalget skal ta stilling til lista onsdag. På vegkartet står det følgjande om roboten: «Farkosten vil utstyres med kameraer, målesensorer og prøvetakingsutstyr og vil kunne gjøre mekaniske operasjoner på havbunnen. Den vil derfor være en viktig ressurs også for vedlikehold og drift av havbunnsobservatorier og andre faste målestasjoner og installasjoner. Undervannsroboten vil understøtte forskning innenfor mange tema og fagfelt, blant annet maringeologi og geohazards, marin biologi, økosystemer og geobiologi, oseanografi, massetransport og energiutveksling på havbunnen, og marine ressurser». Kan finna mineralar Han seier at det er stor interesse til kva mineralressursar som finst i det djupe havet. – Det gjeld mellom anna kor mykje kopar og sink som er der, men òg sjeldne jordartar som ein mellom anna kan bruka i mobiltelefonar, seier Pedersen. Roboten kostar omkring 35 millionar kroner. I hovudsak er det i nordområda roboten, som kan gå ned til 6000 meters djup, skal brukast. – Roboten går ned og tek ut prøvar av liv frå desse ekstreme miljøa. Slik får me òg kunnskap om ressursar i djuphavet, seier Pedersen. Noko av det ein kan få ut, er enzym ein lurer på om kan brukast industrielt. – Dette er enzym som finst i mikroorganismar som trivst når det er 80-90 varmegrader. Ved dei varme kjeldene kan det verta opp til 400 grader, seier Pedersen. Noreg har mange vulkanar, men dei er i djuphavet. Dersom Rolf Birger Pedersen og kollegane ved Senter for geobiologi får roboten dei ønskjer seg, kan dei gjera funn heilt nede på 6000 meters djupne. Illustrasjonar: Senter for geobiologi
Fram til no vert det dykka ned til 6000 meters djup berre nokre få timar i året. Men dersom UiB og Pedersen får roboten dei ønskjer seg, kan det verta mykje meir.
– Nær dei undersjøiske vulkanane er det nesten ein kjemisk fabrikk. Det vert avsett mineralar, og det er eit heilt spesielt liv der, seier Pedersen.