Ein stemmerettstafett

Publisert

Då kvinner fekk stemmerett i 2013, kom det som ein notis på side ein i Aftenposten, saman med notisar om barberstreik og krematorium.

Professor Elisabeth Haavet vekslar med postdok Brita Ytre-Arne, som vekslar med stipendiat Dunja Blazevic. Dei er tre av tretten som skal halda innlegg under stemmerettsjubileet sin forskarstafett neste veke. Foto: Hilde Kristin Strand

– Springa?

Dunja Blazevic ser spørjande ut.

Og greitt, det var På Høyden sin idé at forskarane skulle vera fysisk aktive. Når arrangementet heiter «forskarstafett» – vel, då skal det springast.

Stipendiaten ved Institutt frå arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap vekslar med Elisabeth Haavet, som er professor ved same institutt, og Brita Ytre-Arne, postdok ved Institutt for informasjons- og medievitskap.

Dei er tre av totalt tretten forskarar, tolv kvinner og ein mann, som onsdag skal halda korte foredrag knytt til stemmerettsjubileet. Arrangementet er ein del av universitetet si satsing på stemmerettsjubileet og vert arrangert i samarbeid med Bergen Kvinnesaksforening, Bergen Byarkiv og Bergen Offentlige Bibliotek.

Blom byrjar
Alle innlegga er knytt til stemmerettsvedtaket i 1913, men nokre ser framover mot både kvinnekampen på 1970-talet og dagens samfunn. Det er Ida Blom som skal ha første etappe i stafetten. 82-åringen, som er professor emerita i historie, forskar framleis, og er saman med Ingeborg Fløystad mellom dei første som har forska spesielt på kvinnehistorie.

– Blom har ikkje vorte ståande fast der ho byrja, men orienterer seg utover, og har jobba med både mannsforsking og kjønnshistorie. Difor har ho òg fått namngi den store, internasjonale konferansen me arrangerer i oktober, seier Haavet.

Blom og Fløystad representerer òg, saman med Kari Hop Skiftesvik, Elisabeth Aasen og Anne Hilde Nagel, Norsk Kvinnesaksforening i Bergen. Foreininga sine laurdagsseminar ved Den Nationale Scene dannar utgangspunkt for deira foredrag. Forskarane kjem frå UiB og Uni Research.

Visste ikkje kva ein skulle bruka retten til
Kvinner si deltaking har gått i bølgjer. I 1880-åra kom den første bølgja av politisk engasjement for kvinnesak. I 1907 fekk kvinner avgrensa statsborgarleg stemmerett. Seks år seinare fekk alle kvinner stemmerett ved stortingsval, i kommunane fekk dei stemma noko tidlegare. Mange kvinner viste stort engasjement, men nominasjonsprosessane kunne vera ein bøyg. Det tok òg tid å få nye grupper til stemmeurnene.

– Me skal prøva å seia noko om kva stemmeretten har betydd, seier Haavet.

– Det var lett å vera samde om at ein ville ha stemmerett. Kva ein faktisk skulle bruka stemmeretten til, var ein ikkje like samde om, seier Blazevic.

– Eg skal snakka om Hulda Garborg. For henne var omforming av samfunnet det viktigaste, ho såg på stemmeretten som litt på sida, legg ho til.

I 1913 var dessutan saka om stemmerett ikkje like interessant lenger utanom den forholdsvis små gruppa av aktivistar som hadde halde ut i kampen lenge, heilt sidan 1885.

– Det var lita interesse for dette i avisene, seier Ytre-Arne.

– Før vedtaket i 1907 var det ein stor debatt i Stortinget, og då skreiv journalistane om det politiske spelet. Dette var godt nyheitsstoff. Men i 1913 var saka avklart.

Medieforskaren har funne førstesida av Aftenposten 12. juni 1913 – dagen etter det historiske vedtaket.

– I ein notis på side ein stod det at «kvinner har fått stemmerett». Dei to andre notisane handla om barberstreik og eit krematorium, humrar Ytre-Arne.

– Ikkje måte på kva som kunne gå gale
Både Morgenbladet og Aftenposten var motstandarar av at kvinner skulle få stemmerett. Argumentet var morsrolla.

– Kvinner vart oppmoda til å ikkje bruka stemmeretten – dei kunne missa det kvinnelege, og fekk beskjed om at «dette treng ikkje de å bry dykk om», seier Haavet.

– Det var ikkje måte på kva som kunne gå gale dersom ein slapp det arket ned i urna, kommenterer Blazevic tørt.

I etterkrigstida var det sterk ideologisk oppslutnad om husmorepoken, sjølv om stadig fleire kvinner fekk arbeid utanfor heimen utover 1950- og 60-talet.

– Kanskje ein kan sjå på husmorepoken som avslutninga av ein prosess? Kampen for velferdsstaten var den store politiske saka – og ønsket var at kvinnene skulle vera heime, seier Haavet.

Neste kvinneoppgjer kom på 1970-talet. Då var det andre krav til velferdsstaten som stod på dagsorden, som barnehagar og sjølvbestemt abort. Deretter dabba engasjementet igjen av, men saka vart likevel vidareført gjennom offentleg likestillingspolitikk.

– På mange måtar er det det same som skjer som etter at ein fekk stemmerett. Ein har fått til noko, men er usikker på kva som er rett veg å gå vidare. Kva betyr sigeren, eigentleg? Når det ein har oppnådd skal overførast til noko praktisk, møter ein gjerne nokre vegger, seier Blazevic.

 

 

Powered by Labrador CMS