Ein tysk pilot

Publisert

Denne våren kan studentar som ikkje studerer tysk følgja eit eige tyskkurs. – Tysk er eit viktig språk og Tyskland ein viktig kulturnasjon, seier instituttleiar Leiv Egil Breivik.

– Det kjem mange tyske studentar til Bergen. Men det er ikkje så mange frå UiB som reiser til Tyskland, seier Guro Sandnes.

Ho er studiekonsulent for tyskfaget ved Institutt for framandspråk (IF).

Denne våren har instituttet hatt tilbod om eit eige fem studiepoengskurs for studentar som ikkje studerer tysk, men som skal på utveksling til Tyskland, Austerrike eller Sveits.

Må kunne litt tysk
– Sjølv om mange tyske universitet har undervisning på engelsk, er det ein fordel å kunne tysk i tillegg. Språk er ein døropnar – òg til kulturen, seier instituttleiar Leiv Egil Breivik.

Han peikar på at tysk er eit viktig språk.

– Og Tyskland er ein viktig kulturnasjon, seier Breivik.

I utgangspunktet var det 40 studentar som melde seg på kurset. Ikkje alle fullfører.

– Det var nok nokre som syntest det var litt tøft. Det er lagt opp til at ein kan litt tysk frå før – ein bør til dømes ha hatt tysk på vidaregåande skule, seier Sandnes.

Kurset er organisert i bolkundervisning, som er lagt til tidspunkt som gjer at det skal vera mogleg å kombinera med andre fag.

F.v: Petter Handegard, Theodor Sandal Rolfsen, Runa Langaas og Brian Blomlie er fire av stundetane som har tatt tyskkurs for studentar som vil på utveksling til tysktalande land. Foto: Guro Sandnes/Institutt for framandspråk

Lærer å banka i bordet
– Grammatikken står ikkje så sentralt som på vidaregåande skule. Me vert kasta rett inn i ein simulert tysk universitetssituasjon, og det er lagt stor vekt på det munnlege og ikkje minst på akademisk tysk, seier student Petter Handegard til instituttet sine nettsider.

Han er bachelorstudent i europastudium og skal til Tyskland til hausten.

Studentane har mellom anna fått læra tysk universitetsetikette. Der bankar studentane i bordet etter førelesingane for å applaudera førelesaren. Studentane har òg fått læra korleis ein held det som vert kalla «Referat» – eit føredrag.

Kurset vert avslutta med ein munnleg eksamen.

– Vert det nytt kurs til hausten?

– Nei, dette er berre ein pilot, og det er førebels ikkje planar om fleire kurs. Me fekk pengar frå UiB sentralt gjennom handlingsplanen for internasjonal verksemd. Bakgrunnen er at ein ønskjer at fleire studentar skal reisa på utveksling til Tyskland. Det er tett band mellom Noreg og Tyskland i akademia, og UiB ønskjer å styrke desse banda, både når det gjeld forsking og utdanning. Difor ønskjer ein eit meir balansert tal mellom innvekslings- og utvekslingsstudentar,  seier Guro Sandnes.

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS