Eirik laga vinnar-app om Stortinget

Publisert

Kvar gong nokon trykkjer på ein voteringsknapp på Stortinget, skjer det noko i stipendiat Eirik Stavelin sin webapplikasjon.

– Eigentleg tenkte eg berre litt kynisk og ville bruka konkurransen til å spreia url-en min, humrar Eirik Stavelin.

No er stipendiaten i informasjonsvitskap 50 000 kroner rikare. I byrjinga av mai vart det kjent at Stavelin gjekk heilt til topps i konkurransen Apps4Norge. Oppgåva var å laga ein applikasjon for mobile eller web-baserte tenester basert på opne, offentlege data.

Algoritmane jobbar
Lenge før konkurransen hadde Stavelin byrja å utvikla ein web-applikasjon. På samstemmer.net brukar han data frå Stortinget si datateneste.

– Eg har tidlegare gjort ein analyse av nyheitsappar laga av journalistar. Tanken min var å laga ein app ikkje berre til eitt tema med statiske data, men som fungerer meir som eit dashbord og vert kontinuerleg oppdatert, forklarar Stavelin.

Målgruppa for applikasjonen er journalistar som jobbar med rikspolitikk. På nettsida finn ein mellom anna oversikt over alle stortingsrepresentantane, kva dei har stemt i ulike saker, kor mange spørsmål dei har stilt og kven dei har stilt desse spørsmåla.

– Kvar gong nokon trykkjer på ein voteringsknapp i Stortinget, seier det «bzzz» i systemet mitt, smiler Stavelin.

Appen er bygd opp slik at det ligg algoritmar bak og jobbar heile tida.

Vanskelege spørsmål
Stavelin har mellom anna brukt ein lesbarheitsindeks, som viser at spørsmåla politikarane stiller i Stortinget stort sett er innfløkte. Mange av dei har eit nivå som ei vitskapeleg avhandling – fleirtalet som ein fagtekst.

Stavelin seier sjølv at ein slik indeks er omdiskutert, og ikkje eit mål for kvalitet.

– Eg har tatt ein slik indeks med for å få i gang tankeprosessar rundt korleis ein best kan handsama denne typen data, seier han.

Stipendiaten er òg oppteken av fylkesperspektivet i rikspolitikken. Difor listar han opp representantane fordelt på fylke, og det er òg mogleg å sjå både kva representantar den einskilde er mest og minst samd med, og med kva fylke den einskilde representanten er mest og minst samd.

– Eg er oppteken av at dei som sit på Stortinget representerer folk og stader langt unna Oslo, seier Stavelin.

Vil gjerne ha data frå kommunane
Applikasjonen kan brukast til det som heiter «design science», som er ein mykje brukt metode hos informasjonsvitarar. Ein vil finna ut korleis folk brukar til dømes ei nettside.

– Det kan ein gjera anten ved å testa i laboratorium, gjennom intervju eller observasjon. Det er ein dyr og omfattande måte å arbeida på, samanlikna med korleis IT-bransjen ofte gjer same type jobb, seier Stavelin.

Hans målgruppe er i hovudsak journalistar som jobbar med rikspolitikk. Han har fått tilbakemelding frå nokre av dei, og òg frå mindre redaksjonar.

– Eg skulle gjerne kunne gjort noko liknande med utgangspunkt i data frå kommunane. Per i dag har ikkje dei elektronisk stemmegiving, men når systemet er laga og fungerer for Stortinget, burde det kunne brukast i kommunane òg, meiner Stavelin.

– Dataa som ligg i systemet kan mellom annan brukast til å peika på hestehandlar og på kven som tek ordet og ikkje, legg han til.

Utgangspunkt for artikkel
Stipendiaten seier at når han kan tilby noko med eit grafisk grensesnitt, er det lettare å få tilbakemeldingar, og lettare for journalistane å seia kva som fungerer og ikkje.

– Eg kunne sjølvsagt gitt dei eit excel-ark i staden, seier han med eit smil.

Dersom han skulle ha vidareutvikla applikasjonen i tråd med metoden i design science, skulle han no ha intervjua brukarane og helst laga ein ny versjon. Deretter kunne prototypen på nytt vorte justert. Design science er ein sirkulær prosess.

Men det vert ikkje heilt slik. Intervjua er gjort, men Stavelin kjem ikkje til å gjera så mykje med applikasjonen.

– Eg kjem til å laga ei liste over kva eg burde hatt med for at applikasjonen skal vera så verdifull som mogleg. Denne lista skal eg ha med i ein artikkel som eg skal presentera på ein konferanse. Eg skriv ei artikkelbasert avhandling, og dette prosjektet vert ein av fleire artiklar, seier Stavelin, som skal levera doktorgraden sin til hausten.

Eirik Stavelin har laga webapplikasjonen samstemmer.net. Her viser han mellom anna kva dei ulike stortingsrepresentantane stemmer, kven dei er samde med, og kor vanskelege spørsmål dei stiller. Foto: Skjermdump

 

 

 

Powered by Labrador CMS