Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Nytt odontologibygg og rehabilitering av Armauer Hansens hus har gitt UiB langt betre bygningsmasse. Men framleis er meir enn kvart femte bygg i dårleg stand, viser rapport frå Riksrevisjonen.
På dagar som denne slit eigedomsdirektør Even Berge med å halde oss varme: Særleg i Realfagbygget og Lauritz Meltzers hus er det vanskeleg å få temperaturen høgt nok opp. – Bygga er for kalde, rett og slett. Vi har utfordringar i Lauritz Meltzers hus, sjølv om bygget berre er rundt 20 år gamalt. Der er fasaden bygd opp på ein måte som ein aldri ville gjort det i dag, fortel Berge. Kraftige symptom Slepp bygårdane Har blitt verre UiB har mange gamle bygg, og ein tredel av bygningane er frå mellom 1850 og 1950. Utviklinga i perioden 2003 til 2011 har gått mot fleire bygg med dårleg teknisk tilstand. Treng infrastruktur – Der ventar vi på ei oppstartsløyving. Men det positive er at vi har fått eit ordentleg spritmagasin, og at vi har fått eit magasin i fjellhall. Dessutan har vi no eit godt kokerom i Realfagbygget, seier Berge. Griegakademiet vil òg trenge meir og betre plass i framtida, og Realfagbygget treng store løft i form av nye vindauge og ventilasjonsanlegg. – Om vi får tre nye bygg i løpet av ein tiårsperiode, trur eg vi skal vere komne ganske langt innan 2025. Heldigvis har begge rektorkandidatane sett behovet for betre infrastruktur, seier eigedomsdirektøren. Rapporten frå Riksrevisjonen blir lagt fram for universitetsstyret på møtet i morgon. Universitetsmuseet treng midlar, og er eit av dei store prosjekta i tida framover. Arkivfoto: Paul Sigve Amundsen
Men om ein ser bort frå kulden er det likevel lysare tider når det gjeld bygga til UiB. Etter at nytt odontologibygg er på plass og både C. G. Sundts hus på Muséplass 1 og Armauer Hansens hus er ferdig oppussa, er det berre 21 prosent av bygningsmassen til UiB som har tilstandsgrad 2 og 3. Det tyder at symptoma på dårleg teknisk tilstand er middels kraftige eller kraftige. Før desse prosjekta var ferdigstilte, var det 28 prosent av bygga til UiB som hadde tilstandsgrad 2 og 3.
– Då vi tok ut det gamle odontologibygget var det eit stort areal som blei mykje betre. Det same gjeld kollegiesekretariatet, der vi hadde nokre av dei verste tilhøva på UiB før. Men for nokre år sidan hadde vi mange bygårdar som var i særs dårleg stand. Det har vi heldigvis vore skåna for dei siste åra. Vi prioriterer tak, fasader og inneklima, fortel Berge.
Eigedomane til UiB har i gjennomsnitt tilstandsgrad 1,3. Det er noko betre enn gjennomsnittet, som ligg på 1,4 for dei fem universiteta som sjølv tek vare på bygningane sine. Dei andre leiger frå Statsbygg. Men med dei nye bygga i bruk ville talet for UiB ha hamna på 1,2.
Framover ser Berge særleg utfordringar med museet.