Eit hav av funn

Publisert

Forskingsskipet G.O. Sars er tilbake etter to månader i Atlanterhavet – med mengder av mystiske funn og hittil truleg ukjende organismar frå havdjupet.

MAR-ECO-ekspedisjonen til Midt-atlanteren, i regi av Havforskningsinstituttet og Universitetet i Bergen, er vel i hamn. Og fangsten består av materiale og observasjonar nok til å halde marine forskingsmiljø engasjert i tiår framover. No startar det store arbeidet med å systematisere og analysere over 80 000 ulike artar fisk og blekksprut, i tillegg til talrike typer plankton, henta frå områder på planeten som aldri før har vore tilgjengelege eller blitt sett av menneske.

Ukjent fjellkjede

G.O. Sars har operert mellom Island og Azorene i den nordlege delen av Den midt-atlantiske ryggen, ei gigantisk vulkansk fjellkjede som strekk seg tvers gjennom Atlanterhavet.

– Dette er truleg den minst utforska fjellkjeda i verda, seier forskar ved Havforskningsinstituttet og prosjektleiar for MAR-ECO, Odd Aksel Bergstad.

Så langt er berre 350 av dei 80 000 artane identifisert. Dei 60 forskarane frå 13 land som var med på toktet har likevel stor tru på at dei alt har sett artar som er nye for vitskapen. Blant desse er ein djuphavsmarulk med eit uvanleg hovud og spesielt organ som fungerer som fiskestang, og ein art av Ophidoformes, ein vanleg familie av djuphavsfisk. To uidentifiserte medlemmer av blekksprutfamilien kan også vise seg å vere nye for vitskapen. Forskarane fann dessutan ei rad artar som sjeldan eller aldri før er funne i Nord-atlanteren.


Djupt mysterium

Reisa til Atlanterhavet handlar også om dyr som aldri vart funne. Eit fotografi frå eit fjell 2000 meter under havflata nord for Azorene viser spor eller groper i botnen i ei line mot mørkret. Forskarane venta og håpte at dyret skulle vise seg og prøvde også å følgje etter spora med undervassfartøy, men utan resultat.

– Å arbeide i ei fjellkjede under vatn er veldig krevande, seier Bergstad, som ser for seg store framsteg i havforskinga som følgje av ny teknologi. Splitter nye G.O. Sars er eit stillegåande forskingsfartøy, med senkekjølar som gjer det lettare å operere i dårleg ver. Og med hjelp av djupvasstrål og avansert akustikk, fjernstyrte farkostar, video og foto, har forskarane vore i stand til å hente informasjon som kan revolusjonere kunnskapen om livet i havet.

I den store samanhengen er forskingsfangsten likevel meir som ein dråpe i havet å rekne.

– Det er så mange ubesvarte spørsmål, vi har eigentleg berre pirka i overflata, seier Bergstad.

Forskarane i MAR-ECO-prosjektet – som er tilknytta det store internasjonale forskingsprogrammet Census of Marine Life – er då også i gang med å legge planar for nye tokt i framtida.

Powered by Labrador CMS