Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Måndag kunne Det humanistiske fakultetet ta i mot dei aller første heiltidsstudentane i kinesisk. – Eg har vore fascinert av Kina sidan eg såg teiknefilmen «Mulan», seier student Torstein Løland Bore.
Dekan Margareth Hagen, instituttleiar Leiv Egil Breivik og Rune Ingebrigtsen frå Bergen konfutse-institutt studerer kalligrafirullen sistnemnde hadde med i gåve til Institutt frå framandspråk. Begge foto: Hilde Kristin Strand – Det er på høg tid at UiB styrkjer kompetansen sin i japansk og kinesisk. Det skreiv instituttleiar Leiv Egil Breivik frå Institutt for framandspråk i ein leiarartikkel for 2,5 år sidan. I går kunne han ønskja dei 19 som kom gjennom nålauga velkommen som studentar i kinesisk. Det var 59 studentar som søkte om plass. – Dette er ein stor dag for både instituttet, fakultetet og UiB, sa Breivik. Ønskjer seg ph.d – Me har allereie hatt innføringskurs i kinesisk i fleire år. No kan me altså tilby bachelorgrad, og me ønskjer oss òg master og phd, sa Breivik. På sikt meiner instituttleiaren at UiB bør tilby austasiatiske studium, og at studentane vel fordjuping i anten japansk eller kinesisk. – Me har andre fagmiljø, mellom anna Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap og Institutt for samanliknande politikk, som kan bidra med kunnskap om historie og samfunn, sa Breivik. – Framtidsorientert utdanning Ho sa at ein allereie har fått utvekslingsavtalar med fleire universitet i Kina. – Eg har sjølv studert språk, og veit at ein vert rikare av å gjera det. Eg vil gjerne anbefala ei bok for dykk, sa Hagen. Boka er «Il Milione», og Marco Polo si reise frå Kina til Italia på 1200-talet. Marco Polo var den første europearen som skildra korleis det var i det fjerne Austen. Vil gjerne verta diplomat – Eg har alltid vore fascinert av Kina, eigentleg heilt sidan eg såg «Mulan», smiler han, og viser til teiknefilmen frå 1998. – Det er jo ein kultur som er heilt annleis enn vår, legg han til. Karl Håkon Lilløy Mandelid gler seg til å reisa på utveksling. – Eg trur at dersom ein skal læra språket skikkeleg, må ein reisa til Kina, seier han. 19-åringen har lese ein del om Austen, og gler seg til å læra meir. – Eg har reist ein del i Vesten, og no vil eg læra meir om landa i aust. Eg tek studiet ut frå eigne interesser, og har ikkje bestemt meg for kva eg vil jobba med seinare. Men kinesisk kan kombinerast med det meste – til dømes handel eller økonomi, seier han. Bore er samd. – Eg kan godt tenkja meg å verta diplomat. Eg ønskjer å oppleva landet, og vil gjerne bu og arbeida i Kina, seier han. Karl Håkon Lilløy Mandelid og Torstein Løland Bore er ferske studentar. Dei gler seg til å læra meir om Austen, og vil begge gjerne på utveksling til eit kinesisk universitet. Kalligrafirull Det står det på kalligrafirullen Roger Ingebrigtsen hadde med som gåve til Institutt for framandspråk. Ingebrigtsen leiar Bergen konfutse-institutt. Instituttet tilbyr undervisning i kinesisk språk og kultur, og vart oppretta i samarbeid mellom Beijing Sport University, UiB og Høgskolen i Bergen. – Eg ser fram til meir samarbeid, sa Ingebrigtsen.
UiB har allereie fått to vitskapelege stillingar i japansk. 1. januar byrjar det ein førsteamanuensis i kinesisk. Eit professorat har vorte lyst ut utan at det kom inn søkjarar med rett kompetanse. Denne stillinga vil verta lyst ut på nytt, sa Breivik.
– De vil få ei framtidsorientert utdanning som opnar dørene til ein enorm kultur, og de vil gjera UiB større, sa dekan Margareth Hagen i si helsing til dei ferske studentane.
For Torstein Løland Bore (20) var det ikkje ei bok, men derimot ein film, som gjorde at han vart interessert i Austen.
Når du lærer mykje kan du utvikla deg sjølv. Når du lærer eit nytt språk kan du kommunisera meir og få nye venner.