Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Det er jo litt kjedeleg å vise folk ting dei har heime hos seg sjølve, men vi er veldig stolte av dei japanske samlingane våre, sa professor Per M. Jørgensen då han viste den japanske ambassadøren, Fumiko Saiga, rundt i arboretet på Milde.
Fumiko Saiga, som vart utnemnd til japansk ambassadør i Noreg i fjor, var på bergensbesøk tysdag. På programmet sto både møte med ordførar Herman Friele og lunsj med rektor Kirsti Koch Christensen. Men aller først fekk ambassadøren sjå kva Bergen har å skilte med av japansk-inspirert hagekunst. Sightseeinga inkluderte både dei japanske samlingane og mosehagen på Milde, og den japanske hagen i BB-bygget. – Ein trur gjerne at di lenger sørfrå plantane kjem, di mindre hardføre er dei. Men japanske plantar er rekrutterte frå dei nordlege områda, og trivst godt i klimaet på Vestlandet. Denne magnoliaen, til dømes, går veldig godt hos oss, sa Jørgensen då han viste fram nokre av dei japanske buskene som har slått rot i jorda på Milde. – Den japanske hagearkitekten ville ha ein stad for meditering her på toppen av haugen, men eg sa at det er ikkje så vanleg å meditere i Noreg. Då foreslo han å lage ein ”kjærleiksplass” i staden. For, som han sa: Folk blir vel forelska i Noreg? smilte Jørgensen.
Dei japanske plantane i arboretet fann vegen til Vestlandet etter ein ekspedisjon til Japan for om lag 30 år sidan. På Milde har dei funne seg overraskande godt til rette. Ambassadør Saiga kom til arboretet rett frå flyplassen, og vart møtt av styreleiar i Stiftelsen Det norske Arboret, Sverre Spildo, og professor i botanikk, Per Magnus Jørgensen.
Eksotiske vekstar på Milde
Direktør for stiftinga, førsteamanuensis Per Harald Salvesen, synte stolt fram ein japanseder, som han kalla ”det japanske svaret på redwood-treet”.
– Det finst eitt freda tre i Bergen som ikkje er norsk, og det er dette, hevda han.
Japan var eitt av dei første landa som godkjende den norske sjølvstendige staten etter unionsoppløysinga i 1905. Neste år skal ein difor markere 100-årsjubileumet for dei diplomatiske banda mellom Noreg og Japan. I den samanhengen vil arboretet nytte høvet til å utvikle mosehagen som er laga til etter mønster av tilsvarande japanske mosehagar. For å få realisert planane, skal det søkjast om pengar frå japanske fond. Ambassadør Saiga fekk difor ei omvising her også, trass i at mosane som veks her er heilnorske og ikkje japanske. Jørgensen orienterte om planane for hagen.
Blir nordmenn forelska?
Med på besøket var også rektor Kirsti Koch Christensen og den japanske konsulen i Bergen, Jacob Irgens, som begge fekk høve til å friske opp botanikk-delen av det japanske ordforrådet. Velviljuge vêrgudar sytte for ein pause mellom regnskylla medan følgjet såg seg ikring utandørs, men Jørgensen vedgjekk at han ikkje stola heilt på vêrutsiktene.
– Vi har ikkje byrja å plante ut skikkeleg enno. Vi ventar til vi er trygge på å sleppe nattefrosten, opplyste han, før gjestene drog vidare til den japanske hagen på BB-bygget.