Eit liv med istidsforsking

Publisert

Professor i kvartærgeologi, Jan Mangerud, blir emeritus ved årsskiftet, etter 43 år ved UiB. Det blir markert med eit ope fagseminar der nokre av verdas fremste istidsforskarar deltek.

– Eg er imponert! Dei har fått tak i mykje av eliten av forskarane på feltet, seier hovudpersonen sjølv om seminaret som går av stabelen 25. og 26. november.

Jan Mangerud kom til UiB som vitskapleg assistent i 1963, på jakt etter spor frå istida i dei reinskurde vestlandsknausane. Her gjorde han den første oppdaginga i Noreg av avsettingar frå tida før siste maksimale isutbreiing, på Fjøsanger utanfor Bergen. Den gongen var den rådande oppfattinga at det ville vere uråd å gjere slike funn, fordi alle restar ville vere skrapa vekk av isen etterpå.

Uventa oppdagingar

– Eg såg eigentleg etter noko anna, det er jo typisk at det er slump som fører til dei verkelege oppdagingane. Eg såg etter avsettingar med skjelfragment i, frå slutten av istida. Så kom eg over ein liten klump med organisk materiale, og tenkte at det var moro å finne vegetasjon frå slutten av istida. Men då eg såg på det i mikroskop, fann eg granpollen i materialet. Gran har ikkje vakse på Vestlandet sidan istida, før det vart planta for kring hundre år sidan. Difor måtte avsettinga vere frå ein av dei varme periodane mellom istidene, fortel han.

Dette funnet opna augo til kvartærgeologane for at det var mogleg å finne spor frå tida før isen trekte seg attende. Etter kvart har fleire funn fortald at istida ikkje var ein lang, stabil fimbulvinter, slik ein lenge trudde, men var prega av store skiftingar mellom milde og kalde periodar.

– Det er klart at slik kunnskap hjelper til med å gjere klimamodelleringar meir realistiske. Dessutan blir forskinga meir spennande: Det mest morosame med å vere forskar, er jo å gjere slike uventa funn!


Frå Svalbard til Russland

Som istidsforskar har Mangerud og hans likesinna heile tida forska på klimaspørsmål. Men med meir bruk av klimamodellar har klimaforsking fått nytt fokus dei siste åra.

– Før dreiv vi meir med rein rekonstruksjon av klimaet i fortida. Og framleis meiner eg at det er det viktigaste vi som geologar kan medverke til, seier han.

Frå tidleg på 80-talet brukte Mangerud dei flest somrane til å grave på Svalbard, ofte i lag med studentar. Ved å grave ut snitt i elvebreidder og i sjøkanten, identifisere dei ulike laga og datere dei, viste dei at isen dekte heile Svalbard under siste istidsmaksimum. Det var i strid med tidlegare teoriar som gjekk ut på at breane på Svalbard var små i denne perioden.

Utgravingane på Svalbard førte i neste omgang forskarane til Nord-Russland, der Mangerud og kollegaene framleis har eit stort prosjekt gåande. Isen på Svalbard hadde sentrum i det nordlege Barentshavet då han var på det største. Austflanken av denne isen strekte seg innover Nord-Russland, men det var svært stor usemje mellom forskarane om kor stor utbreiing isen hadde der.


Framside i Nature

– Vi sette oss føre å teste det, og der fekk vi overraskingar. I Nord-Russland synte det seg at isen var liten under siste istidsmaksimum, for om lag 25.000 år sidan. Faktisk nådde han ikkje inn på fastlandet eingong. Derimot var isen stor i Nord-Russland i starten av siste istid, for om lag 90.000 år sidan.

Oppdagingane i Nord-Russland gav geologane frå Bergen ei framside i Nature. Men Mangerud er ikkje viss på om det er desse resultata han er mest stolt over.

– På ein måte tykkjer eg funnet på Fjøsanger var vel så spennande. No er eg blitt så gamal at eg synest det som skjedde i starten var moro. Men sjølvsagt: Funna i Nord-Russland er kanskje dei viktigaste globalt sett, fordi dei har så enorme implikasjonar for heile verda. Dei endrar på mykje av tenkinga rundt istidene.


– Ein av pionerane

Han gler seg til å følgje seminaret denne veka. Tilreisande forskarar kjem til å leggje fram dei store draga i forsking frå alle delar av verda. Både glasiologar og geologar står på talelista.

– Det kjem mellom anna ein som skal fortelje om glasiasjonar på Hawaii. Det er sikkert litt meir attraktivt å forske på det, enn å grave i Nord-Russland der du er plaga med millionar av mygg, smiler Mangerud, som kjem til å halde fram som forskar i ei professor II-stilling ved Bjerknes-senteret.

– Jan Mangerud har vore ein av pionerane i norsk geovitskap, og han har medverka til å bygge opp forskingsmiljøet her i Bergen til å bli eitt av dei leiande i Europa, seier kollega John Inge Svendsen, primus motor bak seminaret.

– Dateringsmetodar og stratigrafi har vore varemerket hans. Men samstundes har han ei stor fagleg breidde, som er sjeldan no for tida. Han har halde på eit holistisk syn på faget, og har eit overblikk som få andre. Funnet hans på Fjøsanger vart eit vendepunkt i istidsforskinga her i landet.

Powered by Labrador CMS