Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– LLE er eit mislukka eksperiment som må avsluttast, meiner språkprofessor Torodd Kinn. I morgon skal fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet diskutera instituttstrukturen.
– Instituttet er for stort, seier Erling Aadland, professor i allmenn litteraturvitskap. – Det er for mangfaldig, og det verkar til å vera ei utbreidd kjensle av at «her høyrer eg ikkje til». Det vert berre ei administrativ eining, supplerer Torodd Kinn, professor i nordisk språkvitskap. Dei to professorane får støtte frå instituttet. Når fakultetsstyret i morgon skal evaluera instituttstrukturen ved HF, er det med ein temmeleg kritisk høyringsuttale frå Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Evalueringa er planlagt – det er vel fem år sidan institutta ved fakultetet vart slått saman til større einingar. – Betre før Dette er nokre av momenta i uttalen frå instituttet. – Når ein skal evaluera, må ein ta utgangspunkt i to ting. Korleis hadde ein det før? Og fungerte endringane slik det vart sagt at dei skulle? Mitt inntrykk er at mange opplever at dei hadde det betre før, seier Aadland. Kinn har òg tidlegare vore kritisk. I eit lesarbrev i 2010 skreiv han at «som språkvitar opplever eg det som temmeleg tøvete at eg skal sitje og styre over t.d. teatervitskap og kunsthistorie, fag som eg ikkje har det minste greie på. Eg ønskjer meg eit institutt der det er mogleg å diskutere faget mitt med ein rimeleg stor del av kollegaene. Slik er det ikkje ved LLE, og det kan heller ikkje verte det». Vil dela – Før LLE vart oppretta var det ulike forslag om korleis ein skulle slå saman fag. LLE vart på mange måtar eit oppsamlingsheat, og det var ikkje gunstig, meiner Aadland. Instituttet er sett saman av nordisk språk og litteratur, allmenn lingvistikk, allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassisk, teatervitskap og kunsthistorie. I uttalen peikar fleire av fagmiljøa på at dei ønskjer ein annan struktur. Allmenn litteratur meiner at allmenn lingvistikk og nordiske språk, med norrønt, stadnamn og stadnamnarkiv, norsk som andrespråk og norsk fagdidaktikk bør samlast i eitt institutt. Allmenn litteratur, nordisk litteratur, klassisk, kunsthistorie, teatervitskap og digital kultur bør vera eit anna. Kunsthistorie seier at dei ønskjer anten denne strukturen eller å verta flytta til AHKR. – Mange seier at dei vil ha deling, men det er ulike måtar å gjera det på. Ein kan dela i to – men ein kan òg dela i fleire mindre institutt. Ingen skjønte til dømes kvifor filosofi er åleine, seier Kinn. I forslaget til vedtak i fakultetsstyret heiter det at styret tek saka til orientering, og at styret vil verta orientert om den vidare prosessen knytta til LLE. I saksutgreiinga heiter det at fakultetet vil vurdera om ein skal engasjera eit eksternt firma i oppfølginga av den interne evalueringa av LLE. Det heiter òg at fagmiljøa og instituttet må verta involvert, mellom anna ved å konkretisera kva løysingar som er moglege. – Når alternativet er den mastodonten som LLE er i dag, må me ta det arbeidet som kjem med ei endring. LLE er eit mislukka eksperiment som må avsluttast, meiner Kinn. – Vanskeleg å leia – Han skal vera fagleg leiar med ansvar for det vitskaplege personalet. Men han får ikkje tid til det når han skal handtera medarbeidarsamtalar, konflikter, sjukemeldingar og anna, seier Kinn. Dei to professorane understrekar at dei ikkje har noko gale å seia om noverande instituttleiar, men at oppgåevene er for mange. Dei peikar òg på det dei meiner er eit demokratisk problem: – Det er ikkje plass til alle dei ulike fagområda i instituttrådet. Det fører til eit demokratisk underskot, og at rådet ikkje har legitimitet. I fakultetsstyret har store LLE heller ikkje fleire representantar enn dei små institutta, seier Kinn. Lite samarbeid – Nokre av forskargruppene er tverrfaglege, og nokre fungerer bra. Men samstundes trur eg det var meir samarbeid før, seier Aadland. – Er det samarbeid om undervisning? – Nei, det er lite. Me har nok med å overleva i strukturen. – Slitasjeproblem – Kva er det største problemet med LLE slik det er i dag? – Det kjem sjølvsagt an på synsvinkelen. Frå min synsvinkel som instituttleiar ser eg alvorlege slitasjeproblem, og eg ser at leiinga og administrasjonen er underbemanna. Eg noterer meg òg at nokre meiner at konstruksjonen LLE ikkje fungerer, seier Myking. Å slå saman institutt var del av ein større diskusjon ved UiB. Myking fortel at både eit estetisk institutt og institutt som skilde litteratur og språkfag var diskutert. – Det siste valde ein å gå fekk frå fordi ein ikkje ville splitta skulefaga som norsk og engelsk. Gjennom samanslåinga fekk ein mykje til å gå opp. Det som vart att, vart LLE. – Fredeleg institutt – Ein kan spørja kva ein fagleg leiar er. Sjølvsagt kan eg vera med i faglege diskusjonar om fag eg kan. Men at ein språkvitar skal vera fagleg leiande innan teatervitskap eller kunsthistorie – det vert vanskeleg. Når ein har slike store institutt vil ein få lang avstand til nokre fag, seier Myking. Han meiner at det han som instituttleiar då må gjera, er å laga strategiar som kan hjelpa dei ulike faga til å fremja sine faglege interesser. Instituttleiaren seier at instituttet har ein stor portefølje av eksternfinansierte prosjekt. – Det er bra – men me har til no vore kraftig underbemanna på forskingsadministrasjon. I tillegg gir bemanningsplanen lite rom for nytilsetjing, og dei tilsette har ein høg snittalder. Dette gjer at det går med mykje tid til personalsaker. Så summen av arbeidsoppgåver er høg, seier Myking. Myking skriv i uttalen at det ikkje har vorte utvikla nokon eigen «LLE-identitet». – LLE er eit fredeleg og positivt institutt. Det er ikkje så mykje aktivt samarbeid mellom fagmiljøa, men heller ingen store konfliktar mellom ulike faggrupper. Dei ulike miljøa respekterer kvarandre i stor grad.
LLE er for stort og heterogent, det er for stor fagleg spreiing.Fagsamansetjinga er tilfeldig og tynt grunngiven. Fleire store fagmiljø ved LLE opplever samansetjinga av fag som direkte dårleg, unaturleg, altfor omfattande.
Dei andre institutta verkar i høtyringsuttalingane ganske nøgde med endringane. Institutt for arkelologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) skriv at det er vanskeleg å registrera ein fagleg vinst etter omorganiseringa, medan Institutt for filosofi og førstesemesterstudium meiner dei har fått ein vinst. Institutt for framandspråk rapporterer om fleire positive enn negative svar.
Sidan 2007 var instituttet hatt fire instituttleiarar. Kinn og Aadland peikar på at leiaren har ei svært vanskeleg rolle.
Eit av spørsmåla institutta vart bedne om å svara på, var om forskargruppeordninga fungerer. Svaret er «tja».
Instituttleiar Johan Myking har kome med ein eigen uttale. Han skriv at instituttleiar får mindre tid enn forventa til fagleg utviklingsarbeid, og at instituttet ikkje klarar å følgja opp dei eksternfinansierte prosjekta godt nok.
– Korleis er det å vera instituttleiar for eit så stort institutt?