Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Strykprosenten er synkande i heile landet. Høgast er strykprosenten ved Universitetet i Tromsø, lågast ved UiB. Men kva fortel eigentleg tala?
Ferske tal frå Database for høgare utdanning viser at kun 5,3 prosent av dei oppmeldte studentane ved UiB. stryk til eksamen. Utviklinga som starta allereie før Kvalitetsreformen vart innført held dermed fram i same retning: Færre får strykkarakter, fleire består.
Strykprosenten ved UiB har likevel gått noko opp sidan 2011. Då var talet på 4,7 prosent. I gjennomsnitt strauk 7,6 prosent av alle studentar ved universiteta i landet på eksamen i fjor.
Slik er strykprosenten på dei ulike institusjonane:
Norges teknisk-naturvitskaplege universitet: 8,4 prosent
Universitetet for miljø- og biovitskap: 6,8 prosent
Universitetet i Agder: 8,3 prosent
Universitetet i Bergen: 5,3 prosent
Universitetet i Nordland: 8,2 prosent
Universitetet i Oslo: 6,4 prosent
Universitetet i Stavanger: 9,5 prosent
Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet: 9,1 prosent
Per Olaf Aamodt er forskar ved Norsk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU). Han er klar på at strykprosent ikkje nødvendigvis kan tolkast som eit uttrykk for høg kvalitet ved lærestaden.
– Ein skal være forsiktig med å sjå på det som eit kvalitetsmål i seg sjølv. Låg strykprosent betyr ikkje nødvendigvis at alle gjer det bra, seier han til Studvest.no.
Mof lågast, Mat-nat høgast
Særleg ved dei store universiteta kan det vere viktige forhold som ikkje vert gjenspegla i statistikken, meiner NIFU-forskaren.
– Før gjekk ein opp til eksamen utan tidlegare innleveringar eller prøver. Etter reformen kom det til krav om godkjente oppgåver for at ein kunne ta eksamen, seier Per Olaf Aamodt til Studvest.no.
Tala frå Database for høgare utdanning viser at det også er store variasjonar i strykprosenten mellom fakulteta ved UiB.
Her er stryk-tala for 2013:
Det humanistiske fakultet: 7,8 prosent
Det juridiske fakultet: 2,3 prosent
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet: 9,6 prosent
Det medisinsk-odontologiske fakultet: 1,9 prosent
Det psykologiske fakultet: 4,0 prosent
Det samfunnsvitskaplege fakultet: 4,8 prosent
Examen philosophicum: 7,6 prosent
Jarle Eid: –Fråfall bør få meir merksemd
Jarle Eid er dekan ved Det psykologiske fakultet. Han peikar på at det høge fråfallet på lågare grad kan vere noko av forklaringa på at færre stryk. Veit ein student at han eller ho har arbeidd for lite med studiene, kan det tenkast at vedkomande lar vere å melde seg opp. Han meiner dette får for lite merksemd.
–Ein bør gjere gjere meir for å forstå kvifor studentar ikkje melder seg opp til eksamen, seier Jarle Eid til Studvest.no.
– Det er mogleg at UiB har ein lågare strykprosent fordi vi har betre oppfølging enn ved til dømes UiO. Dersom forskjellane skuldast at vi er “snillare”, bør dette jamnast ut gjennom nasjonale sensorordningar, seier Helge Dahle, dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet til avisa.