Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I sommar fekk Ludwig Wittgensteins Nachlass: The Bergen Electronic Edition god omtale i Times Litterary Supplement. Anmeldaren gratulerer Wittgensteinarkivet ved UiB i Bergen og Oxford University Press med arbeidet og meiner det kan bidra til auka forståing av heilskapen av den berømte filosofen sine tekster.
Kva var det Wittgenstein sine tekstar verkeleg handla om? Det har vi ikkje heilt grepet på skriv Brian Mcguinness i si melding i Times Litterary Supplement. Han hevdar at sjølv om mange har prøvd å sjå heilskapen i Wittgenstein sitt filosofiske bidrag ser det alltid ut til å dukka opp “ferskt” materiale som må takast med i i ei heilskapleg lesing. For å få fullt utbytte av Wittgenstein treng vi å forstå kva sjanger han skreiv i. Den elektroniske utgåva av Wittgenstein sine tekstar som er utvikla ved universitetet i Bergen kan hjelpa oss enormt med dette, skriv Mcguinness.