Ellingsen fekk jobben

Publisert

Manuellterapeut Jostein Ellingsen truga UiB med søksmål. No har han fått stillinga som universitetslektor i manuellterapi.

– Dette er i prinsippet happy ending. I realiteten kjem eg no til å ha denne stillinga til eg går av med pensjon, seier manuellterapeut Jostein Ellingsen.

På Høyden skreiv i september i fjor om manuellterapeuten som vasla søksmål mot UiB. Bakgrunnen var at det skulle lysast ut stilling som universitetslektor i manuellterapi. Ellingsen har hatt denne stillinga i mange år.

Går ikkje til retten no
Ellingsen seier til På Høyden at han no ikkje ønskjer å gå til rettssak.

– Men dersom UiB om fire år lyser ut på nytt, då vil eg gå til retten, seier manuellterapeuten.

Stillinga er ein tjueprosents undervisningsstilling. Ellingsen er ved UiB nokre veker i året, og har då intensiv undervisning.

– No kjem eg til å halda fram som eg har gjort i 11 år, seier han.

I september sa Ellingsen til På Høyden at det var tungt å gå til sak mot arbeidsgivar, men at han hadde fått mykje støtte frå både fagmiljø og studentar. Sjølv om han no har fått stillinga, likar han ikkje måten UiB har handtert saka på.

– Advokaten min meiner at arbeidsgivar har vore uhøfleg. Det er eg heilt samd i.

Jostein Ellingsen har fått mykje støtte frå studentane sine, og no har han fått eit åremål på fire år som universitetslektor i manuellterapi. Foto: Hilde Kristin Strand

– Prøvetid på 11 år
Advokat Kai Aagaard ved LO sitt juridiske kontor er nemleg ikkje heilt nøgd. I eit brev til UiB skriv han mellom anna at «siden han med sitt utvilsomt sterke oppsigelsesvern etter tjml. likevel ikke kan skiftes ut, er fast ansettelse det riktige etter vårt syn. Innføring av ny prøvetid etter hele 11 år synes også tvilsomt.  Fast ansettelse er i tråd med myndighetenes uttrykte ønske om – så langt mulig - å begrense bruken av midlertidige tilsettinger også ved universiteter og høyskoler».

Aagaard skriv òg at han synest Alice Kvåle, som er professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er uhøfleg. Det er ho som har skrive brevet der Ellingsen får tilbod om jobben.

Kva som gjer at Kvåle er uhøfleg, er sladda i den versjonen av brevet På Høyden har fått via UiB sine postlister. Men manuell.no siterer Aagaard på at «Heller ikke tilbudet om fire nye år virker så hyggelig, når «ansettelsen» i en e-post fra Ellingsens nærmeste leder ved UiB, Alice Kvåle, uttrykkelig begrunnes med at UiB ikke har fått andre og bedre kvalifiserte søkere».

Ingen med doktorgrad søkte
– Det er best å seia ingen kommentar til det. Me har følgt prosedyrane. Stillinga var lyst ut som ein førsteamanuensisstilling, men det var ingen søkjarar som hadde den kvalifikasjonen. Difor har Ellingsen, som er universitetslektor, fått jobben, seier Kvåle.

Tilsetjinga tok lenger tid enn ein hadde tenkt.

– Har dette fått konsekvensar for studentane?

– Nei, det har det ikkje, seier Kvåle.

Ho ønskjer ikkje å kommentera Ellingsen sitt krav om fast stilling.

Powered by Labrador CMS