Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
På ein spesialbygd el-sykkel kjem fotograf Frode Ims seg hit og dit på oppdrag.
Frode Ims er fotograf hos kommunikasjonsavdelinga. Etter at han fekk den daglege basen sin i Media City Bergen vart behovet for å flytta seg rundt større enn før. Men korleis koma seg rundt i ein by der parkeringsplassar på gateplan ikkje er det enklaste å finna?
Ein syklar, sjølvsagt.
Kommunikasjonsavdelinga har fått kjøpt inn to elsyklar. Den eine av dei har ein stor kasse framme.
– Den er spesialbygd etter utstyret me brukar, fortel Ims.
For å kunne vera sikker på at lasta er trygg når Ims fartar rundt, til oppdrag både på Haukeland og ulike stader på Høyden, er sykkelen forsterka med ei treplate under kassen, som eigentleg er ein vasstett flykasse.
– Det vert litt trim òg, sjølv om det er ein elsykkel. Det er ganske bakkete i denne byen, smiler Kjell Øvre Helland.
Han er seniorrådgivar hos kommunikasjonsavdelinga, leiar læringslaben, og treng òg å kunne koma seg rundt.
– Og så er det jo god profilering. No manglar berre matchande regnklede, smiler Ims.