Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Akademia er eitt av dei områda som er avgjerande for å ta vare på det norske språket. Overtek engelsk i for stor grad her kan det få konsekvensar langt ut over dei akademiske rekkene.
I dag skjer mykje fagpublisering ved universiteta på engelsk og det er ei viss omlegging til engelsk som undervisningsspråk. Overtek engelsk også som daglegspråk i visse fagmiljø ved universiteta kan dette gjere at vi mister det norske fagspråket som er knytt til dei faga dette gjeld. Kristoffersen fryktar at dersom vi mister det norske fagspråket kan vi mangle eit språk for formidling. Vi kan risikere at lærarutdanninga blir skadelidande. Dette fordi vi til dømes i realfaga vil miste språket ein treng for å undervise i vidaregåande skule. Dette kan vere eit scenario jamvel om det ligg eit stykke fram i tid, seier Kristoffersen. Verksemder i næringslivet med stort internasjonalt engasjement, som Statoil og Hydro, er døme på domene der norsk er på vikande front. Det same gjeld altså høgare utdanning og forsking. I følgje Kristoffersen publiserer norske forskarar no i veldig stor grad på engelsk. Norsk er uansett ikkje særskilt truga, hevdar professoren. Og han har inga tru på at norsk i så fall vil døy einsamt. Det vil få følgje av dei fleste andre europeiske nasjonalspråka om utviklinga skulle gå så langt. Han peikar på at norsk eigentleg er eitt av dei større språka i verda. Av 6-7000 språk ligg norsk på om lag 100-plass i storleik. Av desse mange tusen språka er kanskje så mange som 90 prosent truga av å døy ut i løpet av dette hundreåret. - Nordmenn bør skilje seg av med myten om at til dømes engelsk er eit rikare språk enn norsk. Dette er sludder. Alle språk er så rike som dei treng å vere. Det er ingenting som ikkje let seg uttrykke på norsk, eller mindre presist på norsk, sjølv om vi kanskje føretrekkjer å låne eit ord for eit nytt omgrep i staden for å lage eit nytt ’norsk’ ord.
Dette seier professor i nordisk språkvitskap, UiB, og forskingsdirektør ved Aksis, Gjert Kristoffersen. Han er leiar for ei strategigruppe oppnemnt av Norsk språkråd. Gruppa skal lage ein handlingsplan som drøftar utfordringane og set opp måla for ein norsk språkpolitikk. Strategiutvalet legg stor vekt på å finne fram til tiltak og strategiar for å motverke såkalla domenetap.
La ungdommen “rule”
Derimot ser han på det som uproblematisk at vi låner ord frå engelsk.
- Om ungdommar går rundt og seier at noko ’ruler’ eller at dei skal ut å ”skate”, gjer meg ikkje uroa - fordi slike ord blir norske så snart dei er lånt inn og tekne i bruk i norsk. Det er eit mykje større problem dersom vi får enkelte delar av samfunnet der engelsk tek over som daglegspråk. I verste fall kan dette gje ein slags dominoverknad der vi taper skanse for skanse.
EU kan gje språkvern
- Det seier seg sjølv at forskarar som ønskjer å formidle resultata sine til det internasjonale forskarsamfunnet, ikkje kan publisere dei på norsk. Men internasjonalisering kan bli eit problem for framtida til norsken, Men vi må òg ta vare på det norske fagspråket, og mellom anna styrke evna til å formidle på norsk. Haldningar er veldig viktig, seier Gjert Kristoffersen. Han seier at det kan vere med å verne norsk språk dersom Noreg blir med i EU. Årsaka til dette er at EU i dag praktiserer ein veldig skarp og klårt definert språkpolitikk der alle nasjonalspråka har lik status.
- Så lenge ein held på dét prinsippet innanfor EU kan det gi eit visst vern, men det er òg viktig å ha i mente at vi ikkje veit kva veg utviklinga innanfor den europeiske fellesskapen vil gå, seier Kristoffersen.
Norsken vil ikkje døy einsam
- Mange har trekt parallellen til naturvitskap og truga artsmangfald der. Om det ikkje døyr eit språk kvar dag, så døyr det mange språk i året, og farten vil auke. Her i Noreg held til dømes sørsamisk på å døy som språk. Det finst store organisasjonar som arbeider for å verne artsmangfaldet i naturen. Ingen slike organisasjonar finst for truga språk.
Mandatet til Strategigruppa er knytt til norsk skriftspråk og dei skal også vurdere om nynorsk og bokmål stiller ulikt i den samanhengen. Kristoffersen trur ikkje at nynorsk er meir truga av engelsk enn bokmål, men at trugsmålet mot nynorsken først og fremst kjem frå haldningane mot nynorsk blant bokmålsbrukarar.
Kristoffersen meiner det er kulturpåvirking som er avgjerande for kva språk vi til sjuande og sist ender opp med å snakke - eller berre låne frå eller til. I vikingtida lånte engelsk frå dei nordiske språka. I middelalderen lånte i vi stor stil frå plattysk, eller nordtysk. Den siste bølgja er altså import av ord frå engelsk.
Norsk er rikt nok
- Den omfattande anglo-amerikanske kulturpåverknaden vi blir utsett for no, trur eg manglar historisk sidestykke. På lang sikt er det kanskje ein fare for at vi kan få ein kultur der engelsk blir totalt dominerande og skyv norsk til side. Men det eventuelt kan skje, må det skje store kulturelle endringar . Vi treng derfor å styrke medvitet rundt den norske kulturen i eitt breitt perspektiv, sjølv om det neppe er mogleg å stoppe denne påverknaden om vi måtte ønskje det, seier Gjert Kristoffersen.
Hausten 2005 skal altså strategiutvalet levere ein rapport der dei kjem med forslag til tiltak. Med seg i strategistaben får Kristoffersen ein distriktsredaktør i NRK, ein underdirektør i Nærings- og handelsdepartementet, ein professor i morsålsdidaktikk ved NTNU, ein adjunkt i ungdomsskolen og to førsteamanuensar i språkvitskap, ein frå Universitetet i Oslo og ein frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. I tillegg er det sett ned ei ressursgruppe på 45 personar med ekspertise og erfaring frå ulike deler av samfunnet. Av desse er Kirsti Koch Christensen, Helge Sandøy og Johan Myking frå UiB.