– Enøk skal aldri gå ut over komforten

UiBs nye Enøk-ansvarlege har ei stor oppgåve foran seg: UiBs mange bygg er svært kostbare å varme opp, og energibruken skal ned. Men du skal sleppe å fryse på jobb, lover UiBs nye Enøk-koordinator, Mona Tøsdal.

Mellom to og tre prosent av det samla budsjettet til UiB går til å kjøpe energi, avhengig av utetemperatur og innkjøpspris. Enøk kan altså gi store innsparingar, som kan brukast på betre måtar enn å varme opp lufta over UiBs bygg i Bergen. Målet er å spare 20 prosent av energien frå 2009 til 2020, og at energibruken skal synke med to prosent per år.

Mona Tøsdal har fått den omfattande oppgåva med å gjere energirekneskapen til UiB betre. Ho kjenner allereie bygningane godt, for i sin førre jobb i firmaet Sweco hadde ho ansvar for å energimerke alle bygga til UiB.

Raud G
– Rapporten blei levert i desember i fjor, og til å vere ein stor, offentleg instans er vi komne ganske langt, fortel Tøsdal.

Rapporten  viser tydeleg at UiB har mange utfordringar når det gjeld energibruk. Energimerket inneheld både ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter, der den første er ein farge frå grønt til raudt, og den andre er ein bokstav frå A til G. Det er mange raude G-ar i karakterboka til UiB, og det er den dårlegaste enden av skalaen. Dei mange gamle bygga er dei verste.

Men som Enøk-koordinator ser Tøsdal og mange lyspunkt:

– Berre ved å slå av lysbrytaren kan vi gjere ganske mykje, seier ho.

Frå G til A
Utifrå energimerkinga er det lettare å avgjere kor ein kan setje inn tiltak.

– Karakterane indikerer at UiB ikkje har så gode bygg, men det følgjer og med ei tiltaksliste. Før arbeidet blei starta blei det avtalt at det skulle lagast ti prioriterte punkt, og at ein skulle ta dei tiltaka som var realistiske å gjennomføre først, slik som varmegjenvinning og nattsenking av temperaturen, fortel Tøsdal, som synest ho er heldig som får jobbe med Enøk på UiB.

 

Mona Tøsdal på toppen av Christies gate, der du finn nokre av dei dårlegast isolerte bygga til UiB. Foto: Dag Hellesund

Større tiltak vil ikkje alltid vere god økonomi, med mindre dei blir gjorde på same tid som andre ombyggingar. Eit ferskt døme er nyoppussa Armauer Hansens hus, som blei gjenopna i januar. Med støtte frå Enova har UiB pussa huset opp frå energikarakteren G til A. Universitetet har og lagt lista høgt ved at å bruke dei nyaste forskriftene, sjølv om det ikkje var naudsynt. Eigedomsavdelinga vil og søkje aktivt om midlar via støtteprogramma til Enova, slik at det blir muleg å gjennomføre fleire energisparetiltak.

Varmast for dyra
Mange bygg er knytte til fjernvarmeanlegget i Bergen, og det er no under ti bygg att som har oljekjelar, og desse skal fasast heil ut.

Ho fryktar ein del tilsette og studentar frys og sit i trekk omkring i dårlege bygg.

– Eg trur ein del folk sit rundt omkring og ikkje har det bekvemt. Og om sommaren er det nok nokre som har det veldig varmt, mens dei ikkje får varme nok om vinteren. Om sommaren treng vi og mykje kjøling, mellom anna til tekniske rom, fortel Tøsdal.

Sjølv om dei gamle, dårleg isolerte bygga brukar mykje energi, er det ikkje dei som toppar lista over storforbrukarar per kvadratmeter. Det er nemleg dyr, og ikkje menneske, som krev mest varme:

– Vivariet er det mest energikrevjande. Der bruker vi 1250 kilowattimar per kvadratmeter.

 

– Enøk skal aldri gå ut over komforten

Tøsdals heitaste tips:
– Om du frys, og skrur opp termostaten: Ikkje lukk opp vindauga når det blir for varmt. Skru heller ned termostaten igjen.

– Bruk lysbryteren! Skru av lyset når du ikkje er i eit rom. Dette gjeld og i fellesrom som toalett.

– Tenk som om du var heime, og måtte betale for straumen sjølv.

– Meld frå om det er for kaldt eller varmt der du jobbar. 

 

Energimerking:
Energimerket er bygd opp av ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter.

Energikarakteren viser kor energieffektiv ein bygning er. A tyder at bygningen er energieffektiv, mens G tyder at bygningen er lite energieffektiv. Ein bygning bygd etter forskriftene i 2007 vil normalt få karakteren C.

Oppvarmingskarakteren fortel kor stor del av oppvarminga som blir dekt av straum, olje eller gass. Grøn farge betyr låg del straum, olje og gass, mens raud tyder det motsette. Oppvarmingskarakteren er meint å skulle stimulere  auka bruk av varmepumper, solenergi, biobrensel og fjernvarme.

Det er ulike karakterkrav for private bustader og næringsbygg.

Powered by Labrador CMS