Er krigsinformasjonen korrekt?

Publisert

Det er likskapar mellom Wikileaks sine nylege avsløringar og dei illegale avisene som kom ut under 2. verdskrigen.

– Jo meir kristisk situasjonen er, jo vanskelegare er det å få ut rett informasjon, seier Stein Ugelvik Larsen.

Han er professor emeritus ved institutt for informasjon- og medievitenskap og prosjektleiar for Nordiki. I dag  arrangerer Nordiki, som er eit landsomfattande nettverk som arbeider med å dokumentera alle sider ved krigen og okkupasjonen i Noreg i 1940-45 gjennom foto, film, lyd og papirkjelder, seminar med temaet «informasjon i krig».

Mange kjelder
– Eg har arbeidd med kva informasjon ein fekk under krigen og korleis denne vart formidla, seier Ugelvik Larsen.

– Noko kom frå Moskva, noko frå Gestapo, regjeringa rapporterte frå London, Heimefronten sa noko, og så hadde ein dei illegale avisene som hadde sin krins.

Ugelvik Larsen seier at i ein krigssituasjon er det mange som vil halda noko skjult. Han viser til Wikileaks sine avsløringar frå krigane i Irak og Afghanistan.

– Sjølv om det er ein annan mediekvardag no enn under andre verdkrigen, ser ein at mottakarane godtek mykje av informasjonen som kjem. Det ser ein no med informasjonen frå både Libya og Syria. Mykje av det ein får vita, kjem frå privatpersonar sine mobiltelefonar, seier Ugelvik Larsen.

Jentoft kjem                                                                                                
Seminaret i morgon vart til etter at journalist Morten Jentoft skreiv boka «Radio Moksva». Boka vart gitt ut tidlegare i år, og fortel historia om den norske redaksjonen i Radio Moskva, frå 1938 og gjennom den kalde krigen. Jentoft skal halda føredrag om boka. Ugelvik Larsen skal sjølv snakka om korleis Gestapo i Bergen formidla nyhende til Berlin. Eit anna tema er bombinga av Laksevåg. Her vil både statsarkivar Bjørn Davidsen og medievitar Jørgen Thune Johsen halda føredrag.

Powered by Labrador CMS