Er tre ein for mange?

Publisert

Fleire av institutta ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet deler administrasjon. Dei fleste er nøgde, men spørsmål er om det er for mange institutt samla i Christies gate.

– Ein er mest nøgd når ein har eigen administrasjon eller når ein deler med naboinstituttet.

Det sa fakultetsdirektør Lise Gundersen då fakultetsstyret ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet førre veke diskuterte saka «Oppfølging av evalueringen av de administrative tjenestene».

Eit konsulentfirma har evaluert dei administrative tenestene ved fakultetet. Hovudfunna er at ein i stor grad er nøgd. Det er god kontakt mellom vitskapelege tilsette og administrativt tilsette. Ei rekkje tenesteområde vert omtalt som velfungerande. Men det vert peika på at det er behov for meir leiarstøtte til enkelte institutt, og på at organisasjonsstrukturen er kompleks med ulike modellar. Fellestenester for eitt og to institutt vert sagt å fungera betre enn fellestenester for tre institutt.

– Minst eit for mange
I dag har Institutt for informasjons og medievitskap sin eigen administrasjon. Institutt for geografi og Institutt for sosialantropologi har fells administrasjon. Institutt for økonomi får tenester frå fakultetet, medan dei tre institutta for samanliknande politikk, sosiologi og administrasjons- og organisasjonsvitskap deler administrasjon.

Det er ordninga med tre institutt som ikkje fungerer optimalt, heiter det i rapporten. Sosiologisk institutt er minst nøgde. Instituttleiar Hans-Tore Hansen skriv i eit brev til fakultetsstyret på vegne at instituttrådet at «tre institutter er minst ett for mange med hensyn til å ivareta de oppgavene som krever forståelse av hva som foregår på instituttet i stort og smått».

Hans-Tore Hansen (til høgre), instituttleiar ved Sosiologisk institutt, ønskjer at instituttet hans skal skiljast frå dei to statsvitskapelege institutta. Dei tre institutta deler administrasjon. Lise Rakner, som er instituttleiar ved Institutt for samanliknande politikk, skryt av dei administrative tenestene. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Splitta ikkje
Men styret ville ikkje endra administrasjonsstrukturen. I sakspapira heiter det at dersom ein skulle splitta, ville løysinga vera å ha ein felles administrasjon for dei to statsvitskapelege institutta. For sosiologi ville alternativet vera fellestenester med fakultetet eller å dela ein felles administrasjon med Institutt for økonomi.

– Å bryta opp no er ikkje hensiktsmessig. Dette må sjåast i ein større samanheng, sa Gundersen.

Ho sa at noko av det ein har sett på, er dedikerte ressursar til kvart enkelt fagmiljø.

Jørgen Melve representerer gruppe C i fakultetsstyret, og har arbeidsstaden sin nettopp i Christies gate.

– Det er mange som har eit prinsipielt syn om at ein vil ha eigen instituttadministrasjon. Men når ein ikkje har det, må ein gjera jobben på best mogleg måte, sa Melve.

– Enorm utvikling
Rapporten peikar på at den administrative bemanninga ved fakultetet er god nok.

– Me har nok ressursar, men det er marginalt. Me har ikkje meir enn me treng, sa Gundersen.

Ho sa at dersom ein skal utvida, må ein anten effektivitsera eller få nye stillingar.

– Me ser at formidlingsfeltet bør styrkast, sa direktøren.

Lise rakner, som representerer gruppe A, ga administrasjonen ros.

– På dei åra eg har vore her, ser eg at administrasjonen har vorte meir og meir automatiser – og då meiner eg på ein god måte. Det har vore ei enorm utvikling. Fordelen med større einingar er at ein vert mindre personavhengig, sa Rakner.

 

 

 

Powered by Labrador CMS