Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Har ein mista danninga i arbeidet med å levere den beste utdanninga? Torsdag møttest rektorkandidatane for å diskutere kvar etikken, moralen og samfunnsansvaret har teke vegen.
Rektorkandidat Kuvvet Atakan, student Jørn Mjelva, Rektorkandidat Dag Rune Olsen, stipendiat Lin Olderøien Elvegård og professor Peter M. Haugan samla til debatt i regi av Danningsutvalet ved UiB. – Det største problemet til forskinga er at ein ikkje kan sjå dei moralske dilemmaa direkte. Ein må alltid forsøke å vurdere den framtidige bruken av forskinga ein gjer, sa Lin Olderøien Elvegård. Ho er ph.d-stipendiat ved Handelshøgskulen i Trondheim, og innleia debatten med å snakke om koplingar mellom utdanning, forsking og næringsliv. Elvegård sat i debattpanelet saman med fysikkstudent Jørn Mjelva, professor Peter M. Haugan og rektorkandidatane Kuvvet Atakan og Dag Rune Olsen. Samstemt panel Jan Reinert Karlsen er førsteamanuensis ved Senter for vitskapsteori og leiar av Danningsutvalet ved UiB. Han styrte ordet på debatten og forsøkte å få rektorkandidatane til å kome med klare programerklæringar. – I kva grad er danning, i tydinga å stå i sine prinsipp, viktig for dykk? – Vi kan ha ein bestemt politikk som grunnlaget for rektoratet vårt, dersom vi får tillit og støtte frå veljarane. Vi vil ikkje misbruke denne til å trekke universitetet i ei retning mange ikkje ønskjer å gå i, sa Atakan. – For meg er det å stå for meiningane sine i offentlegheita rein samfunnsnytte. Eg kan ikkje tenke meg noko meir samfunnsnyttig enn dette, sa Dag Rune Olsen. Vil ikkje verte pølsefabrikk – Vi vil utvikle samfunnet gjennom kunnskap og visdom, seier Kuvvet Atakan. Og forklarar visdoms-omgrepet nærmare: – Visdom er realitetsforankring, etikk og ein klar definering av universitetet si rolle i samfunnet. Universitetet skal vere ein kalibreringsinstans for samfunnet. – Studentaktiv forsking og mentorordningar er dyre. Vi må sette ned foten og be om meir pengar frå politikarane når vi ser at vi ikkje har midlar til å arbeide med danningselementet i utdanning på ein god måte. Vi må unngå å verte ein pølsefrabrikk, sa Olsen. Kva skil rektorteama? – Vi er eit samfunnsengasjert og offensivt team. Vi skal levere kvalitet på utdanning og forsking. Vi får pengar frå det offentlege. Men vi leverer ikkje for ein kvar pris og på alle premissar. Vi vil òg sikre oss eit handlingsrom der vi kan bestemme sjølve, sa Olsen. – Mitt team vil forankre tankar og tiltak til omverda vår. Dette skil oss mest frå Team Olsen. – Har kvalitetsreforma ført til at vi har mindre tid til danninga? – Eg har eitt svar på dette: Digitalisering. Med digitale overføringar kan dyrebar førelesningstid brukast til dannelesarbeid, diskusjonar og til å arbeide med nettopp desse spørsmåla, sa Atakan. Større krav til forskarar – Den enklaste måten å drive autonom forsking på er å bure seg inne på kontoret og skrive uforståelege artiklar. Mi fortolking av samfunnsansvaret har ført til at eg vil ha meir kontakt med industrien og næringslivet, sa Inga Berre, førsteamanuensis ved Matematisk institutt og medlem av Danningsutvalet. Jørn Mjelva, fysikkstudent ved Universitetet i Oslo,var samd: var klar i sin bodskap til rektorkandidatane: – Forskarar er såpass resurssterke at ein bør kunne stille litt større krav til dei enn til dei fleste andre. Moral handlar om å gjere det rette. Som rektor må de kunne sette grenser og seie at «dette er riktig, men dette er galt».
– Vi erkjenner at kunnskap formar samfunnet. Eg er samd i at det ikkje finnast verdinøytral forsking. Også grunnforskinga kan og vil endre omverda, sa Dag Rune Olsen.
– Går de rektorkandidatar til val på ei etisk plattform?
– På kva punkt er de som rektorkandidatar mest ueinige?
Panelet forsøkte også å trekke opp grensene for den akademiske fridomen. Skal ein innrette forskinga etter finansieringskjeldene? Er ein friteken for ansvar for korleis forskinga vert nytta?