Erlend Horn har bakgrunn frå Venstre og frå UiB. Han har søkt den utlyste stillinga som rådgjevar for rektoratet. Foto: Nikita Solenov

I kø for å gje rektor råd

Stillinga som rådgjevar ved kontoret til rektor har fått 25 søkjarar. Erlend Horn er éin av dei.

– Det har aldri vore ein keisam dag på jobben, seier Erlend Horn (26).

I litt over fire månader har han hatt Muséplass 1 som arbeidsplass. Han starta i den mellombelse stillinga som rådgjevar ved kontoret til rektor første januar i år. Jobbtilbodet fekk han etter å ha arbeidd for Team Olsen under valkampen.

– Eg er veldig motivert for å halde fram, seier Erlend Horn.

Måtte vakte piggsvinet
Som rådgjevar skriv han talar, innlegg og gir råd om mediestrategi. Han legg ut bilete av Anne Lise Fimreite i sliten dommar-parykk på rektoratet si Facebookside. Og han vil vere eit bindeledd mellom rektoratet og omverda.  

Når situasjonen krev det, trår han også til som livvakt for Studentersamfunnet sitt piggsvin.

– Eg var den einaste som hadde med nøkkelkort då samfunnet hadde nachspiel i Knut Fægris hus etter jubileumsfesten. Dei var redde for at nokon frå samfunnet ved Universitetet i Oslo skulle stele piggsvinet, og eg fekk i oppgåve å ta vare på det til neste dag, seier Erlend Horn og ler.

– Arbeidsoppgåvene mine har vore svært mangfaldige. Og det er altså ikkje berre noko eg seier.

– Kva har vore høgdepunkta?
– Det var veldig kjekt å planlegge besøket til kunnskapsministeren. Det har vore interessant å følgje studentparlamentsvalet, og vere eit bindeledd mellom valstyret og rektoratet. Og sist fredag, då vi slapp nyhenda om Media City Bergen, trur eg vil bli ein historisk dag som eg vil sjå tilbake på med stoltheit og glede.

God stemning på Muséplass
– Eg har innstillinga at eg skal gjere jobben som trengs. Arbeidsmiljøet her på Muséplass er veldig artig, og tilseier at ein jobbar saman som eit team, anten ein er prorektor eller sekretær. Eg føler eg er ein del av maskineriet, og gjer den jobben som trengs av meg, seier Erlend Horn.

– Kva har vore utfordrande?
– Eg kjem utanfrå, og er ikkje professor eller innehavar av ei lang administrativ erfaring. Eg er 26 år, og det å arbeide med såpass kompetente folk som ventar at du kan levere fort, og raskt hente til meg den informasjonen eg treng for å omdanne den til noko dei kan bruke, det har vore utfordrande. I denne jobben må vere ein allroundar, som kan handtere media og relasjonar til omverda, og raskt sette seg inn i saker om utdanning og forsking.

– Med all respekt for bakgrunnen din; Du er 26 år, har ein master frå UiB og erfaring frå politikken på bystyrenivå – men har du eit lite snev av mindreverdkompleks i møte med det tunge kollegiet?
– Definitivt. Eg nærmar meg denne jobben med audmjuk haldning. Både når det gjeld overfor sjefane mine, fagmiljøa og og dei andre i sekretariatet som har peiling på det eg skal skrive eit innlegg eller ein tale om. Legg ein til grunn at ein kan alt, og får til alt, går ein glipp av mykje læring.

Her er søkjarlista:
Ole-Anders Ø. Bodal, 26 år, lektor, Bergen

Dragan Vasiloski, 40 år, Center for social work, Novi Sad, Serbia Rana

Sissel Høvik, 52 år, arbeidssøkjar, Bergen

Marius Ole Johansen, 24 år, student, Bergen

Natalia Leltchouk, 40 år, tolk og masterstudent ved UiB,

Luca Garzonio, 35 år, disiplinleder produksjon, Bergen

Øivind Eskedal, 25 år, selvstendig næringsdrivende, Kristiansand

Berit Angelskår, 33 år, doktorgradsstipendiat ved Institutt for sosialantropologi, Bergen

Mari-Louise Uldbæk Stephan, 33 år, arbeidssøkjar, Bergen

Erlend Andreas Horn, 26 år, rådgjevar for rektoratet ved UiB, Bergen

Torill Sommerfelt Ervik, 28 år, kommunikasjonsrådgjevar, Bergen

Ragnhild Nyheim, 35 år, bookingkoordinator Bergen Guide Service, Askøy

Margrete Søvik, 42 år, seniorrådgjevar ved Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), Bergen

Birthe Sønnesyn, 24 år, student, Oslo Student Oslo Kvinne

Anja Salzmann, 36 år, vitskapleg assistent, Bergen

Andreas Heltne Andersen, 27 år, mastergradsstudent, Trondheim

Sonja Ljostveit, 43 år, arbeidssøkjar, Bergen

Live Kleppe Kristensen, 33 år, lektor, Bergen  

Ota Ogie, 48 år, arbeidssøkjar, Trondheim

John-Wilhelm Vinje, 32 år, arbeidssøkjar, Bergen  

Erik Sandquist, 37 år, rådgjevar, Brussel

Dorottya Bognár, 25 år, dagleg leiar, Tromsø

Kenneth Nodeland, 31 år, kommunikasjonsmedarbeidar, Bergen

Kristoffer Jul-Larsen, 32 år, Ph.d.-kandidat/vikarierande prosjektleiar Bergen leser, Bergen

Kristian Wedberg, 44 år, frilansar, Bergen

Erlend Horn:

  • Fødd i 1987
  • Leverer mastergrad i samanliknande politikk ved UiB november 2013
  • Blei valt inn i Bergen bystyre for Venstre
  • Kommunalråd på heiltid for Venstre
  • Vikarierer som gruppeleiar og nestleiar i komité for miljø og byutvikling
  • Leia Hordaland Unge Venstre fra 2007-2010
  • Var 1. vara i Universitetsstyret i perioden 2009-2010
Powered by Labrador CMS