Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kongehuset har takka nei, men statsministeren kjem når Universitetsmuseet har nyopning i oktober.
«Jeg er videre blitt bedt om å meddele at det dessverre ikke lar seg gjøre med kongelig tilstedeværelse under arrangementet».
Det skriv Det kongelege hoffet i eit brev til UiB-rektor Dag Rune Olsen. Kongefamilien vart invitert til nyopninga av Universitetsmuseet sine naturhistoriske samlingar, og takkar for dette. Men dei kjem altså ikkje.
– Me meiner at dette er ei hending av nasjonal interesse, og då synest me det er naturleg å invitera statsoverhovudet, seier Dag Rune Olsen.
– Om ikkje kongen sjølv hadde høve til å koma, kan det jo tenkjast at han har nokre andre i porteføljen sin som kunne koma til Bergen.
Dronning Sonja var ved UiB sist i 2017, då Fakultet for kunst, musikk og design vart offisielt opna. Dronninga var òg ved UiB under Abelfesten i 2011. Kong Harald vitja Bergen og UiB i 2017, som ein del av det islandske statsbesøket, og Kronprins Haakon var ved UiB seinast i fjor, under utdelinga av Holbergprisen.
Men UiB har no fått stadfesta at nummer to på ønskjelista kjem. Statminister Erna Solberg har takka ja til å koma. For å få dette til måtte sjølve opningsarrangementet flyttast frå 15. til 14. oktober.
– Me gler oss stort over at statsministeren kjem. Det ryktast at ho har nokre band til denne byen, humrar Olsen.
Eigentleg var planen at museet skulle opna dørene att for publikum i juni, men opninga er altså flytta til hausten. Som På Høyden skreiv før jul, har dei første dyra flytta attende – mellom anna ni kvalskjelett som måtte berast gjennom byens gater.
Kven som elles står på gjestelista til opningsfesten er ikkje klart endå.
– Men byens ordførar står øvst på lista over dei me ønskjer å invitera, seier Olsen.